Skriftlig spørsmål fra Lars Peder Brekk (Sp) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:434 (2012-2013)
Innlevert: 07.12.2012
Sendt: 10.12.2012
Besvart: 17.12.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Lars Peder Brekk (Sp)

Spørsmål

Lars Peder Brekk (Sp): Kan miljøvernministeren bekrefte at den tidligere enigheten om at alle utenlandske treslag som allerede er i bruk i Norge fortsatt kan brukes forutsatt at man viser nødvendig aktsomhet for å hindre uønsket spredning, står ved lag, og vil miljøvernministeren også ta initiativ til å endre veilederen slik at den er i tråd med loven og forskriften?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Utanlandske treslag kan ha ein negativ påverknad på naturmangfaldet ved å endre den naturlege artssamansetninga og økologiske funksjonar på staden. Spreiing av treslaga utanfor området som er tilplanta, kan forsterke problemet, og det kan være både kostbart og vanskeleg å reversere uheldige følgjer av utsetjinga. Det er derfor viktig at utsetjing av slike treslag skjer etter grundige vurderingar.

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelde 1. juli d.å., og er ei forskrift under naturmangfaldlova. Forskrifta blei utarbeidd i nær kontakt mellom blant anna Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Rettleiaren til forskrift blei også utarbeidd i kontakt med Landbruks- og matdepartementet. Rettleiaren vil tene som hjelpemiddel for søkjarar og sakshandsamarar, men har ikkje i seg sjølv rettsverknad.

I fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012 (Artsdatabanken) er det gitt ein oversikt over framande artar i Noreg, og økologiske risikovurderingar av framande artar som reproduserer i norske område. I norsk svarteliste 2012 inngår artar med svært høg (SE) og høg (HD risiko).

Det vil ikkje kunne gis løyve til utsetjing dersom det er grunn til å anta at utsetjinga vil medføre vesentlige uheldige følgjer for det biologiske mangfald, jf. forskriftas § 7 fyrste ledd. Sjølv om eit treslag er oppført på svartelista skal det gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Bruk av utanlandske treslag skaper store inntekter for enkelte skogeigarar ved bruk i ordinært skogbruk og til juletre- og pyntegrønt. Forskrifta inneberer altså ikkje eit generelt forbod mot vidare bruk av utanlandske treslag, men at det kan nektast i tilfelle der det kan medføre vesentlege uheldige følgjer for det biologiske mangfaldet.

Vi tar sikte på å revidere rettleiaren i løpet av 2013.