Oskar J. Grimstad (FrP): Kva blir gjordt i denne type saker med kontroll på nett og produksjonselskapa for å vere trygg på at ein har ein effektiv kraftmarknad og rasjonell nettdrift?
Begrunnelse
Ein kunne nylig lese i media at NVE har ilagt TrønderEnergi Nett AS et overtredelsesgebyr på en million kroner for brot på kravet om eit funksjonelt skille, nettselskapets nøytralitet og program for overvaking av nettselskapets nøytralitet. Vidare kunne ein lese at fleire krav som skal føre til effektivt kraftmarknad og rasjonell nettdrift var broten. Brota på desse krava vil kunne medføre at kundane fekk ein høgare kraftpris og nettleige. Mange spør seg om dette er eit omfattande problem blandt dei mange nettselskapa vi har som igjen fører til at kontroll blir meir krevjande.