Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:985 (2012-2013)
Innlevert: 12.03.2013
Sendt: 13.03.2013
Besvart: 19.03.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Ei verksemd i Sogn og Fjordane har store deler av sin produksjon i Litauen. På grunn av tollregler skaper desse store økonomiske vanskar, og kan medføre at verksemda må flytte kjøp av varer og tenester frå Europa til Asia. Eg viser til problemstillingane verksemda har i begrunninga for mitt spørsmål.
Vil statsråden sjå på nemnde problemstilling og vurdere om det ikkje bør foretakast endringar av gjeldande regelverk, slik at verksemder i denne situasjon unngår store økonomiske kostnadar pga. ufornuftige reglar?

Begrunnelse

Ei verksemd i Sogn og Fjordane har store deler av sin produksjon i Litauen. Dette gjeld spesielt produksjon av vevde varer, dvs. skjorter, bukser, skjørt og jakker.
Deler av denne produksjonen er med basis i metervare utanom EØS-området, då det er vanskeleg, for ikkje å seie umulig, å få fatt i denne type metervarer i Europa.
Metervaren importeras i all hovudsak til Noreg, for å få ein korrekt innfortolling/momsing, men også for å foreta splitting av forsendingar til ulike produsentar i Litauen.
Metervaren sendes så til Litauen, kor den kan takast inn på midlertidig import.
Den bearbeides så til skjorter, bluser etc. Heile denne prosessen baserer seg på litauisk arbeidskraft, og andre innsatsvarer som knapper, innlegg, tråd og pakkematerialer er av europeisk opprinnelse.
Varen eksporteras så til Noreg. Litauisk tolking av regelverket gjer at varen ikkje får EUR1-sertifikat eller "country of origin" stempel, noko som medfører at verksemda i Sogn og Fjordane må betale 10,6 % toll på fakturabeløpet.
Verksemda finn dette om ikkje urimeleg, så i alle fall ulogisk all den tid at:

same skjorte i same metervare kan i henhold til GSP-avtaler importeras utan toll frå land/områder som har denne type avtale med Noreg.

same skjorte i same metervare kan, i tilfelle Litauen kjøper metervaren frå produsent i Asia, vidareselges i heile EU-område kun med 6,8 % importtoll på metervara.

Det er vanskeleg å skjønne at nokon av desse konsekvensane kan vere i tråd med EØS-avtala sin intensjon.
Ein direkte konsekvens av dette kan vere at verksemda i Sogn og Fjordane vert tvinga til å flytte produksjonen frå Litauen til land som har GSP-avtale med Noreg.
Då det i dei fleste tilfelle ikkje er lønsamt å produsere på fleire stadar, kan dette i yttarste konsekvens bli at verksemda i Sogn og Fjordane også må flytte den delen av produksjonen som i dag fell inn under EUR1-regelverket. Dette vil i så fall bety flytting av kjøp av varer og tenester frå Europa til Asia i storleik EURO 2,0 - 2,5 mill.
Verksemda i Sogn og Fjordane vil sjølvsagt måtte forholde seg til gjeldane rammebetingelser, men synes at med EØS-avtala som bakteppe, miljøhensyn, som stadig vektast meir, er dette reglar som får eit særdeles merkeleg utslag.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Finansdepartementet har hatt kontakt med Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) om saka.

For at varene (skjorter, bukser, skjørt og jakker) skal ha opphav innan EØS og ha tollfritak, er det særlege vilkår etter EØS-avtala Protokoll 4. Vilkåra er blant anna at varene er framstilt frå garn i produksjonslandet. Vilkåret er ikkje oppfylt så lenge varene er framstilt frå veva stoff frå eit tredje-land (utanfor EØS-området). Tollsats for varene til Noreg blir derfor 10,7 pst.

Finansdepartementet er generelt oppteken av leggje til rette for handel utan urimelege tollbarrierar. Noreg har derfor i tidligare revisjonar av EØS-avtala foreslått meir liberale reglar på området. Noreg har også i frihandelsforhandlingar med land utanfor Europa lagt stor vekt på å forhandle fram så liberale reglar for industrien som mogleg.

EU har på si side frykta at meir liberale reglar kan skade tekstilindustrien i EU som konkurrerer med Asia. Eg understrekar at endringar på området ikkje kan skje einsidig og at reglane gjeld likt innanfor heile EØS-området.

Til slutt vil eg peike på at GSP-ordninga er ei særleg gunstig ordning for utviklingslanda som skal stimulere til produksjon og eksport. Det er derfor ikkje utan vidare rett å trekke ein parallell til GSP-ordninga her.