Skriftlig spørsmål fra Arne Sortevik (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1083 (2012-2013)
Innlevert: 25.03.2013
Sendt: 25.03.2013
Besvart: 05.04.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Arne Sortevik (FrP)

Spørsmål

Arne Sortevik (FrP): Når siste offisielle globale temperaturmålinger fra Met Office (UK) sammenlignes med prognosene fra IPCC over global temperaturøkning fremvises hvor feilaktig IPCCs temperaturprognoser har vært og fortsatt er. Dette er alarmerende informasjon sett på bakgrunn av hvordan Klimapolitikken spesielt i Norge drives av hypotesen om at menneskeskapt CO2 øker temperaturen på jorden. Nettopp faktisk temperaturmåling av god kvalitet gir mulighet til å justere mål, strategi og tiltak i forhold til feilaktige prognoser.
Gjøres det?

Begrunnelse

Jeg viser til internasjonalt presseoppslag:

"Myles Allen, Oxford University’s Professor of Geosystem Science, said that until recently he believed the world might be on course for a catastrophic temperature rise of more than five degrees this century. But he now says: ‘The odds have come down,’ – adding that warming is likely to be significantly lower.
Prof Allen says higher estimates are now ‘looking iffy’.The graph confirms there has been no statistically significant increase in the world’s average temperature since January 1997
Its source is impeccable. The line showing world temperatures comes from the Met Office ‘HadCRUT4’ database, which contains readings from more than 30,000 measuring posts. This was added to the 75 and 95 per cent certainty bands to produce the graph by a group that amalgamates the work of 20 climate model centres working for the IPCC.
Piers Forster, Climate Change Professor at Leeds University, said: ‘The fact that global surface temperatures haven’t risen in the last 15 years, combined with good knowledge of the terms changing climate, make the high estimates unlikely.’ Professor Judith Curry, head of climate science at the prestigious Georgia Institute of Technology, said: ‘The models are running too hot. The flat trend in global surface temperatures may continue for another decade or two.’
James Annan, of Frontier Research For Global Change, a prominent ‘warmist’, recently said high estimates for climate sensitivity now look ‘increasingly untenable’, with the true figure likely to be about half of the IPCC prediction in its last report in 2007.Avowed climate sceptics are more unequivocal.
Dr David Whitehouse, author of a new report on the pause published on Friday by Lord Lawson’s Global Warming Policy Foundation, said: ‘This changes everything. It means we have much longer to work things out. Global warming should no longer be the main determinant of anyone’s economic or energy policy.’

Kilde;
http://www.dailymail.co.uk/news/article-2294560/The-great-green-1-The-hard-proof-finally-shows-global-warming-forecasts-costing-billions-WRONG-along.html#ixzz2NtHILWL6

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Dette spørsmålet går inn i eit større bilete der fleire fremstående politikarar frå FrP gjer utrykk for skepsis, eksplisitt eller implisitt, til om menneskeskapte klimaendringar eksisterer og til konklusjonene til FNs klimapanel (IPCC). Representanten Sortevik har åleine stilt tre skriftlege spørsmål til meg i år.

- Det fyrste spørsmålet gjaldt resultat frå forskningsinstituttet CERN, om kva innstråling frå sola og kosmisk stråling har å seie for skydanning og klimautviklinga. Representant Sortevik hevda at desse resultata måtte føre til at CO2-basert klimapolitikk vart lagt til side. I mitt svar viste eg til dei resultata representant Sortevik viser til, frå CERN-laboratoriet, er lagt til grunn som ein del av dei vitskaplege resultata som blir vurdert i den femte hovudrapporten og altså er ein del av kunnskapsgrunnlaget. Vidare påpeikte eg at CERN sjølv ikkje hevder at desse resultata fører til at konklusjonane om effekten av CO2 og andre klimagassar i atmosfæren må endrast. Desse faktorane vart også beskrivne i den fjerde hovudrapporten til klimapanelet. Den samla vurderinga var at den globale oppvarminga ikkje kunne forklårast utan at ein tok med effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar.

- Det andre spørsmålet gjaldt ei undersøking representant Sortevik viste til, med påstand om at denne undersøkinga viser stor usemje blant fagfolk om korvidt menneskeskapt CO2 påverkar klimaet. I mitt svar viste eg til at dette stammar frå ei undersøking om haldningar til klimaspørsmålet blant tilsette i oljebransjen i Alberta i Canada. Til forskjell frå dette gjer FNs klimapanel ein systematisk gjennomgang av den forskinga som er publisert og dei observasjonane som føreligg, med vurderingar frå tunge fagmiljø i mange land. Hovudrapportane til klimapanelet er derfor eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringas klimapolitikk.

På bakgrunn av dette vel eg å svare særleg grundig på dette spørsmålet. Eg vel også å gå gjennom om det finst noko kjend, forskningsbasert grunnlag overhodet for å så tvil om menneskeskapte klimaendringar.

Kunnskapen om klimaendringane er basert på forsking over meir enn 30 år. I denne perioden har det sjølvsagt vore framsatt mange hypotesar og ulike resultat, som utfyller biletet. Sjølvsagt er det ikkje full innsikt i alle detaljar. Men det er den samla vurderinga som tel. Fordi klimasystemet er komplekst og fordi klimaforskinga dekker mange fagfelt, er det uråd å konkludere om menneskeskapte klimaendringar på grunnlag av einskilde observasjonar og betraktningar om berre avgrensa delar. Ein systematisk gjennomgang av den forskinga som er publisert og dei observasjonane som føreligg, gjer FNs klimapanel. Som sagt er den samla vurderinga til FNs klimapanel at den globale oppvarminga ikkje kunne forklårast utan at ein tok med effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar. Ikkje noko enkeltresultat har til no gjort at ein kan sjå bort frå menneskeskapte utslepp av klimagassar som eit avgjerande bidrag til klimaendringar. Tvert imot har stadig meir forsking og stadig fleire observasjonar understøtta at menneskeskapte klimaendringar allereie er i gang, og at dei vil halde fram. Arbeidsmåten til klimapanelet krev at ein går gjennom all relevant publisert forsking, som har vore gjennom kritisk fagleg vurdering. Hovudrapporten inneheld gjerne fleire tusen referansar. Meir enn 800 forfattarar bidreg i utarbeiding av den femte hovudrapporten, som skal publiserast i 2013-14. Det er omfattande faglege høyringar av rapportane. Det finst ikkje ei tilsvarande bredt anlagt, vitskapleg basert og grundig samla vurdering, basert på tilsvarande kvalitetssikring, som kjem til ein annan konklusjon enn FNs klimapanel.

På bakgrunn av premisset i spørsmålet om ”… hvordan klimapolitikken spesielt i Norge drives av hypotesen om menneskeskapt CO2 øker temperaturen på jorden” går eg også gjennom om det finst noko anna land i OECD-området eller verda forøvrig som, etter vår kjennskap, baserer politikken sin på eit anna grunnlag enn dette. Eg vil her gjere merksam på at FNs Klimakonvensjon vart oppretta i 1992, og har 192 medlemsland. For meir enn 30 år sidan vart altså verda samd om at ein avtale som har som føremål ”..å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren på eit nivå som hindrar farlege menneskeskapte klimaendringar” (mi oversetjing). Eg vil tolke dette slik at alle dei 192 medlemslanda til Klimakonvensjonen, deler synet om at menneskeskapte utslepp av klimagassar fører til klimaendringar og auker temperaturen på jorda. FNs klimapanel har ei tilsvarande brei støtte, med 195 medlemsland, som vedtek arbeidsprogrammet til klimapanelet, og som godkjenner rapportane.

I 2010 la om lag 90 land fram mål om nasjonale tiltak for å redusere utslepp av klimagassar, fram til 2020. I 2010 fatta man også eit FN-vedtak om at dokumentasjonen frå FNs klimapanel kravde djupe kutt i globale utslepp av klimagassar, med sikte på å halde global temperaturstigning under 2 grader. Sett i lys av desse vedtaka, og framveksten av klimapolitikk og klimamål i om lag 90 land – inkludert alle dei store utsleppslanda og alle land i OECD – verker det ikkje spesielt for Noreg å ha ein klimapolitikk basert på at vi må redusere CO2-utsleppa for å motverke klimaendringar.

Til sist går eg inn på det faktiske innholdet i det siste spørsmålet til Sortevik.

Spørsmålet til representant Sortevik gjeld etter det eg forstår, korleis ein skal forstå kortvarige svingingar (over 5-10 år) i global temperaturutvikling, samstundes som prognosar viser ein langsiktig trend med global oppvarming.

Observasjonar viser at oppvarminga dei siste ti åra har gått langsommare enn oppvarminga i tiåret før. Desse resultata har blitt grundig drøfta og oppsummert av blant anna Met Office, NASA og andre. Kort fortalt er det ikkje uvanleg å sjå variasjonar på 10-årig basis. Oppsummeringa frå NASA forklarer at den lågare oppvarminga det siste tiåret i hovudsak skuldast naturlege og godt kjende variasjonar i havsirkulasjon. Konklusjonen er samstundes at vi er inne i ei global oppvarming, og at denne berre kan forklarast om ein tek effekten av menneskeskapte utslepp av klimagasser med i betraktninga. Temperaturmålingar og framskrivingar for korte tidsrom – til dømes fem eller ti år – vil vise kortvarige naturlege svingingar tydeleg, men er ikkje eigna til å vurdere den langsiktige klimautviklinga.

Met Office har også publisert framskriving av global temperatur for dei neste fem åra. Framskrivinga viser litt lågare temperatur enn den førre framskrivinga viste (i 2011). Met Office presiserer at begge versjonane konsekvent viser at vi framleis vil sjå rekordhøge globale temperaturar dei neste åra. Det er altså framleis snakk om global oppvarming. Nytten av slike prognosar for 5-10 år er at ein kan få betre kjennskap til omfanget av naturlege variasjonar, og samspelet mellom naturleg variasjon og effekten av menneskeskapte klimagassutslepp. Dette er viktig kunnskap, men slike framskrivingar kan ifølgje Met Office ikkje brukast til å trekkje konklusjonar om langsiktig global oppvarming. Difor er IPCC sine prognosar langsiktige og omhandlar tidshorisontar på 100 år. Eg meiner difor representant Sortevik trekk konklusjonar på sviktande grunnlag når han hevder at prognosane til Met Office viser at IPCC sine temperaturprognosar er feilaktige.

Enten ein snakker om temperaturmålingar eller framskrivingar, er konklusjonen at ein periode på ti år vil vere prega av naturlege variasjonar og ikkje vil vere eit adekvat grunnlag for å vurdere langsiktige klimaendringar. Alle resultata som tek for seg lengre tidsrom enn ti år, viser ei tydeleg global oppvarming der dei menneskeskapte utsleppa av klimagasser har avgjerande betydning. Eg kan derfor forsikre representant Sortevik med at vi ikkje står overfor nokon fundamental svikt i kunnskapsgrunnlaget for klimapolitikken. Kunnskapen vi har no tilseier at menneskeskapte utslepp av CO2 gir eit avgjerande bidrag til global oppvarming gjennom auka konsentrasjonar i atmosfæren. Dette utelukkar sjølvsagt ikkje at naturlege variasjonar påverkar klimaet, men det er den langsiktige og aukande trenden i menneskeskapte utslepp av klimagassar som gir grunn til bekymring og til utvikling av politikk.

Det er svært viktig at Met Office og andre raskt publiserer forskingsresultat og målingar. Alle slike klimadata bør vere lett tilgjengelege. Samstundes må vi være oppmerksam på kva målingane og resultata faktisk kan fortelje noko om, og kva dei ikkje kan fortelje oss.