Skriftlig spørsmål fra Laila Reiertsen (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1166 (2012-2013)
Innlevert: 15.04.2013
Sendt: 16.04.2013
Besvart: 22.04.2013 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Laila  Reiertsen (FrP)

Spørsmål

Laila Reiertsen (FrP): I lokalavisa Os & Fusaposten kan ein den 4. april i år lesa om ei stor frustrasjon frå rådmannen i Os kommune når det gjeld auke i byråkratiet. Denne utviklinga har blitt så massiv at ein nærast opplever ein svekt tillit til staten. Iveren etter å måla og kontrollera er blitt for stor. Og ressursar går meir og meir til administrasjon til å svara staten i staden for meir nærleik til innbyggjarane.
Kva meiner statsråden om denne utviklinga og ønskjer Statsråden å gjera tiltak i høve dette?

Begrunnelse

I lokalavisa Os & Fusaposten kan ein lesa om eit byråkrativelde som for lengst har teke over styring, der Rådmannen også går langt i at dette går ut over viktige arbeidsområde som er direkte knytt til innbyggjarar i kommunen. I dag skal ein ha kontroll på meir enn 3.300 føresegner, rettleiarar og særlover som gjeld kommunane. Berre rettleiaren om internkontroll er på 95 sider, med 85 punkt kommunen skal følgja. Dette seier litt om arbeidsmengda. Dei fleste kommunar prøver så langt råd er å svara på det meste. Men når auka ressursar må på plass for å svare opp statlege føringar og kontrollar blir det mindre og mindre att til tenesteyting direkte til innbyggjarane. Isolert sett kan kvar enkelt rapport eller særlov vera fornuftig nok. Men det er den samanlagte mengda som er den store utfordringa. Kvart departement har sine mål og sine rapportar, summen av desse vert enorm. God styring i kommunane handlar om leiing og romslege fullmakter, men i staden må ein bruka tida på rapportar og kontroll. Og er dette god og fornuftig bruk av ressursar i ein kommune.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Kommunal- og regionaldepartementet la i februar 2012 fram Meld.St.12 (2011-2012) Stat og kommune – styring og samspel. I denne meldinga har regjeringa trekt opp prinsippa for statleg styring av kommunane, og grunnlaget for eit godt samspel mellom forvaltningsnivåa. Regjeringa legg til grunn at økonomisk og juridisk rammestyring framleis skal vere hovudprinsippet for styringa av kommunesektoren. Ei slik styring er ein føresetnad for at kommunane har eit handlingsrom, slik at dei kan fungere som lokale demokrati som kan gjere lokale og individuelle tilpassingar av tenestene og foreta eigne vegval.
Det kan likevel vere legitimt for staten å styre sterkare for å oppnå konkrete nasjonale mål som Stortinget har sett. Dersom regjeringa finn det naudsynt å nytte lovføresegner om til dømes korleis kommunane skal gjennomføre ei pålagt oppgåve, skal det gjerast ei avveging mellom dei nasjonale omsyna som tilseier sterkare styring – til dømes rettstryggleik eller likskap/likeverd – og omsyna til lokaldemokratiet. Denne avveginga skal vere synleg i både høyringsdokument frå departementa og i proposisjonar til Stortinget. Nyleg er det også fastsett rutinar for korleis kommunesektoren v/KS kan medverke i statlege lovutgreiingar. Denne ordninga er meint å føre til betre synleggjering av konsekvensane for kommunane av statleg regelstyring.
Stortingsmeldinga om forholdet mellom staten og kommunane har brei omtale av statleg tilsyn, kommunal eigenkontroll og statlege rapporteringskrav. Ei statleg styring som byggjer på at kommunane har ansvar for å kontrollere si eiga verksemd, gjev god effektivitet og det beste grunnlaget for eit levande lokaldemokrati og lokalt tilpassa oppgåveløysing. Statleg tilsyn bør innrettast slik at det fører til læring i den einskilde kommunen. Regjeringa legg til grunn at ein aktiv bruk av kommunal eigenkontroll på sikt bør kunne redusere behovet for statleg tilsyn og kontroll. Meldinga inneheld også ei målsetting om at staten ikkje skal påleggje kommunesektoren rapporteringsordningar som ikkje blir nytta i staten.
Det er ei kjensgjerning at produksjonen av statlege rettleiarar retta mot kommunane har auka monaleg dei siste 10 åra. Det er difor viktig at kommunesektoren blir teken med på råd om kva for område som treng skriftleg rettleiing frå departement eller direktorat, og at kommunane i større grad også får medverke i sjølve utarbeidinga av sentrale rettleiarar.
Eit anna tiltak som er varsla i stortingsmeldinga er ein gjennomgang av direktorata sine oppgåver og kommuneretta styring. Kommunal- og forvaltningskomiteen har i Innst. 270 S (2011-2012) støtta ein kritisk gjennomgang av omfanget, mandatet og praktiseringa til direktorata. Målet med ein slik gjennomgang må etter komiteens meining vere å styrke den kommunale handlefridomen og kommunesektorens evne til å løyse dei oppgåvene dei er sette til å løyse. Ein gjennomgang av direktorata si rolle i styring av kommunane er no under gjennomføring av Direktoratet for forvaltning og IKT i samarbeid med Agenda Kaupang AS. Prosjektet skal mellom anna få fram kunnskap om korleis kommunane opplever styringa frå- og samhandlinga med direktorata. Gjennomgangen skal etter planen vere avslutta i løpet av dette året. Kunnskap frå denne gjennomgangen vil bli presentert for Stortinget på eigna måte.