Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1347 (2012-2013)
Innlevert: 22.05.2013
Sendt: 22.05.2013
Besvart: 31.05.2013 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Kunnskapsdepartementet sette våren 2012 ned ei ressursgruppe som skulle sjå på dei særskilde utfordringane for elevane som hadde nynorsk som hovudmål. Gruppa skulle sjå på årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål i skulen, og kome med framlegg til tiltak for å motverke språkskifte. Det siste møtet i gruppa var i november.
Når kjem rapporten, kva kunnskap har departementet om årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål, og kva konkrete tiltak vil statsråden sette i verk for å motverke dette?

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Rapporten frå ressursgruppa blir ferdig før sommaren. Den er no sendt ut på ein siste høyringsrunde til medlemmene i gruppa.

Vi veit at språkbytte oftast skjer i overgangen frå eit skuleslag til eit anna og ved flytting. Det er vanskeleg å peike ut den viktigaste grunnen til at språkbytte skjer, men i mange tilfelle er det grunn til å tru at det dreier seg om at elevane ikkje opplever at det er lagt godt nok til rette for at dei kan fortsette med nynorsk som sitt hovudmål.

I møta har ressursgruppa særleg peikt på viktigheten av å betre kompetansen hjå lærarar i nynorskdidaktikk og auka kjennskap til lovverket. I rapporten frå ressursgruppa vil det mellom anna bli foreslått tiltak som kan bidra til å betre på desse tilhøva. Når rapporten blir ferdig vil departementet vurdere tiltaka og sjå dei i samanheng med den nasjonale språkpolitikken på området.

Sjølv om nynorsk på langt nær er eit språk i krise, er eg opptatt av at vi må handle for å hindre at stadig fleire elevar bytter hovudmål frå nynorsk til bokmål gjennom opplæringa. Nynorsk er, og skal vere, eit levande språk. Det er ei viktig oppgåve for skulen å syte for at både elevar som har nynorsk som hovudmål og sidemål får ei god opplæring i nynorsk.