Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

Dokument nr. 15:1472 (2012-2013)
Innlevert: 12.06.2013
Sendt: 13.06.2013
Besvart: 20.06.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Viser til tidlegare spørsmål om Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy. I svaret opplyser statsråden at kontrollfrekvens og resultat har lege på eit moderat nivå, og at han har tiltru til at Toll- og avgiftsetaten gjer dei riktige vurderingane for å sikre at etaten utfører sine tenester på ein god måte. No har den siste tilsette ved Tollstasjonen i Måløy sagt opp.
Kva viser statistikken for det totale aktivitetsnivået ved tollstasjonen i Måløy, og når blir dei ledige stillingane i Måløy lyste ut?

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Tilhøva no ved Måløy ekspedisjons- og kontrolleining er ikkje tilfredsstillande. Det visar kor sårbare små fagmiljø kan vere. Dette gjeld også for Toll- og avgiftsetaten som driv si verksemd i eit komplisert miljø med stadig endra internasjonale varestraumar. Nærvær og kontrollverksemd frå etaten må prioriterast ut frå dei risikovurderingane som til ei kvar tid ligg føre. Dette tilseier at etaten i stor grad må vere mobil. Auka bruk av elektroniske løysingar medfører også mindre arbeid for nokre av dei mindre einingane i etaten.

Det totale aktivitetsnivået ved ekspedisjons- og kontrolleininga i Måløy har, som eg skildra i mitt svar av 16. mai 2013, over lengre tid lege på eit moderat nivå. Dette var tilfelle også før bemanninga blei redusert frå fire til to tenestemenn i 2011. Dei fem første månadene i år var nivået på ekspedisjonar, kontrollomfang og beslag om lag på same nivå som i 2012 og tidlegare. Meir enn halvparten av alle kontrollar av fartøy blir til dømes allereie i dag handsama med bistand frå andre tolleiningar.

Toll- og avgiftsetaten har, som eg skreiv i mitt førre svar, ikkje funne rom for nyrekruttering på Måløy. Etaten har prioritert bemanning på stader med meir kritisk behov ut frå krava til dagleg drift og der kontrollbehovet gjer det meir naudsynt. Eg er kjend med at Toll- og avgiftsetaten for tida vurderer kva for organisatorisk løysing som samla sett vil vere best for etaten med omsyn til bemanning og oppgåvelokalisering.. Eg har framleis tiltru til at leiinga i Toll- og avgiftsetaten gjer dei riktige vurderingane for å sikre at etaten utfører sine tenester på ein best mogleg måte.