Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden forklare kva som gjer at fiskeri har heilt andre reglar enn tilsvarande næringar landbruk/havbruk når rettar vert slått saman?
Begrunnelse
Norge har 3 naturbaserte store næringar; landbruk, havbruk og fiskeri, som alle er viktige for landet. Som regjeringa er godt kjent med skjer det frå tid til annen at selskap vert kjøpt opp eller «sett i spill» som det blir kalla for i Prop. 178 S frå Regjeringa om Cermaq ASA. Slike oppkjøp eller struktureringar skjer også innanfor desse naturbasert næringane. Innanfor landbruket vert fleire gardsbruk slått saman til større, meir robuste og lønsame gardar. Det same skjer også innanfor havbruk- og fiskerinæringa som begge framstår like på den måten at det er gitt konsesjonar til nasjonale fellesressusar fisk eller areal. Når to mjølkerettar eller konsesjonar til akvakultur vert slått saman eller kjøpt opp er dette verdiar som vert verande i selskapa tidsuavgrensa. Skjer det same innanfor fiskerinæringa vert det her tidsavgrensing på den strukturerte konsesjonen.