Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1484 (2012-2013)
Innlevert: 13.06.2013
Sendt: 14.06.2013
Besvart: 19.06.2013 av samferdselsminister Marit Arnstad

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva ambisjon har statsråden for fornying av ferjeflåten i Norge og korleis vil statsråden bidra til å nå målet?

Begrunnelse

Fylkeskommunane overtok ansvaret for dei fleste riksvegferjene og dermed også inngåtte avtalar mellom Statens vegvesen og ulike transportselskap. Alderen på ferjemateriellet i landet er høg og oppslag frå ferjeavhengige samfunn langs kysten fortel tydeleg at det er for mange avbrudd pga. tekniske problem med ferjene. Dette har samanheng med alderen på fartya. I Hordaland som døme er gjennomsnittsalderen for ferjene 25 år. Nokon oppe i 35 år. I tillegg til at ferjene jo eldre dei er er meir utsett for tekniske utfordringar, tilfredsstiller fleire av dei heller ikkje universell utforming. Den fylkeskommunale økonomien er bygd opp til å handtere dei inngåtte avtalane og ei fornying av ferjeflåten vil krava større økonomiske tilskott.

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Samferdselsdepartementet har som ambisjon at ferjene skal gi eit godt tilbod langs kysten. Ferjene skal fylla krav til tryggleik, driftsstabilitet og tilgjenge for alle.

Departementet følgjer med på utviklinga av ferjemateriellet, og for riksvegferjedrifta har vi sett at konkurransar med stadig skjerpa krav til miljø og universell utforming bidrar til ei gradvis fornying av riksvegferjene.

Den gjennomsnittlege alderen på ferjene som går i riksvegferjesambanda i dag, er relativt låg. Første runde med anbodsutlysing på riksveg viste at tilbod med nytt ferjemateriell var konkurransedyktig opp mot tilbod med eksisterande materiell med dei opningstider og frekvensar som er på riksvegferjesambanda. Fleire konkurransar er såleis vunne med nybygg utan at dette har vore eit særskilt krav i konkurransen.

I fylkesvegferjedrifta er alderen på ferjene vesentleg høgare enn i riksvegferjesambanda. Etter forvaltningsreforma er det opp til fylkeskommunane å setje krav i anboda som gjer at ein får fartøy som tilfredsstiller ønsket om universell utforming, driftstryggleik m.m.