Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1521 (2012-2013)
Innlevert: 18.06.2013
Sendt: 19.06.2013
Besvart: 26.06.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Kvifor vel statsråden å avvise alle anbefalingar frå Bondelaget og organisasjonane når det gjelder rovdyrjakt?

Begrunnelse

Bondelaget og åtte organisasjonar har på bakgrunn av vanskar med å ta ut rovdyrbestand over bestandsmål anbefalt miljøverndepartementet en rekke tiltak for å effektivisere jakta på rovdyr, ikkje minst jerv. Flom, rovdyr og auka freda areal truer beitenæringa fleira stader og rovdyrtrusselen er alarmerande i bl.a. Gudbrandsdalen. Legitimiteten til rovdyrforliket er truga gjennom manglande evne til uttak av rovdyrbestander langt over avtalte bestandsmål blir det hevda.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Rovviltforliket seier at lisensfelling skal være hovudverkemiddelet i reguleringa av bestandsstorleik og utbreiing av bjørn og jerv, og er positiv til initiativ som kan bidra til effektivisering av lisensfellinga. Det har eg òg gjeve uttrykk for overfor dei organisasjonane som kom med anbefalingane om å effektivisere lisensfellinga på jerv og bjørn, og anbefalingane har vore nyttige i arbeidet med å effektivisere lisensfellinga.
Enkelte av punkta frå organisasjonane vart vurdert i arbeidet med rovviltforliket i 2011, slik som utviding av lisensfellingsperioden for bjørn. Eg meiner også at mellom anna etableringa av jaktkurssenteret i Flå i regi av Noregs Jeger- og Fiskerforbund er eit godt tiltak som kan bidra til å auke kompetansen og effektiviteten. Miljøforvaltinga har fylgt opp med økonomisk støtte til jaktkurssenteret.
Grunngjevinga for at fleire av dei andre anbefalte tiltaka ikkje er fylgt opp vidare har i stor grad samanheng med dyreetiske vurderingar, slik det går fram av svarbrevet organisasjonane fekk. Under fylgjer ei oppsummering av dei sentrale anbefalingane, og mi vurdering av desse.
Ei av anbefalingane var å endre starttidspunktet for lisensfellingsperioden på jerv. I 2005 vart lisensfellingsperioden endra for å auke moglegheitene til å kombinere for eksempel hjorteviltjakt og lisensfelling av jerv. Avgrensinga vart gjort på ein slik måte at ein unngår å sette jervkvalpane si overleving i fare, noko som har samanheng med det tidspunkt då kvalpane kan overleve sjølv om mora skulle bli skoten under lisensfelling. Lisensfellingsperiodens avgrensing er altså gjort med omsyn til kvalpane si overleving, og det har ikkje kome ny kunnskap som tilseier at det vil være dyreetisk forsvarleg å opne for lisensfelling av jerv på eit tidligare tidspunkt på året.
Å endre lisensfellingsperioden for bjørn var òg ei av anbefalingane frå organisasjonane. Lisensfellingsperioden vart sist vurdert og fastsett av Stortinget våren 2011, og eg vurderer det ikkje som aktuelt å utvide perioden ytterlegare utover det Stortinget har bestemt.
Organisasjonane ynskte vidare at det opnast for bruk av laus på drevet halsande hundar ved felling av bjørn. Bruk av slike hundar vil for nokre viltartar være ei jaktform som kan påføre arten uakseptabelt mye stress og fysiologisk skade. Det er ikkje alle artar som er evolusjonsmessig tilpassa å kunne tåle langvarig jaging. Ut frå bjørnens anatomi og fysiologi kan jaging over lengre distansar og tidsrom eksempelvis resultere i overoppheiting og ein dyrevelferdsmessig svært uheldig situasjon for bjørnen. Av omsyn til å greie ut desse tilhøva betre er det sett i verk utgreiing av ulike hunderasar sine mogelegheiter og avgrensingar i samband med jakt. Då vil det også kunne visast kva sort påverknad hundar kan ha på til dømes bjørn.
Når det gjeld bruk av elektronisk varsling for tilsyn av jervebås har eg ei klar oppfatning om at tilsynsreglane skal være strenge. Vilt som vert fanga levande blir utsett for stress, og grunna dyrevelferdsmessige forhold vert det praktisert ei streng forståing av regelverket om fangst. Utan krav til fysisk eller visuelt tilsyn vil det også være vanskelig for oppsynspersonell å kontrollere fangsten. Eg meiner at eit kontrollerbart regelmessig tilsyn er avgjerande for å ivareta det dyrevelferdsmessige aspektet, og vurderer det ikkje som aktuelt å liberalisere tilsynskrava no.
Organisasjonane foreslo også at det bør bli gjeve løyve til bruk av snøskuter for å føre tilsyn med jervebås og for å legge ut og sjå etter åte for jervejakt. Eg er kjent med at det i ein del tilfeller er gjeve dispensasjon til bruk av snøskuter for utkøyring av både jervebås og åte. Eg vurderer det ikkje som aktuelt å opne for generell bruk av snøskuter til slike formål, og eventuelle løyver bør som tidlegare bli gjeve gjennom dispensasjonar.