Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1683 (2012-2013)
Innlevert: 28.08.2013
Sendt: 28.08.2013
Besvart: 05.09.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Miljøverndepartementet nekter oppkjøring og maskinpreparering av skiløypa til Sloaros av hensyn til villreinen, ifølge NRK Sørlandet. Denne traseen er en av de mest populære skiløypene på Hovden. Bykle kommune protesterer mot vedtaket. De har ikke blitt spurt. De viser til villreinforskere som sier at villreinen er redd mennesker, ikke løypemaskiner.
Hva vil statsråden gjøre for å imøtekomme innspillene fra kommunen og de som blir berørt lokalt i denne saken?

Begrunnelse

Bykle kommune søkte i 2011 om å få maskinpreparere løypene Storenos l og Storenos 2 samt løype til Sloaros.
Løypene går gjennom Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiene landskapsvernområde, og Setesdal Vesthei villreinområde har status som nasjonalt villreinområde.
Verneområde styret ga kommunen tillatelse til slik løypekjøring frem til 23. april 2015.
Vedtaket ble påklaget av grunneier i området og Miljøverndepartementet har nå fattet endelig vedtak om løypekjøringen.
I vedtaket godtar departementet oppkjøring av de to Storenos-løypene, men nekter oppkjøring av løypa til Sloaros, som er en av de mest populære skiløypene på Hovden.
Det er sterkt kritikkverdig at kommunen har vært holdt utenfor saksbehandlingen.
Kommunen har gjort sitt med å utarbeide planverk som har vært godkjent av alle instanser.
Så kommer et slikt vedtak fra sentralt hold som ikke kan ankes. Det er uholdbart.
Dessverre er ikke dette en enkeltsak. Andre kommuner har opplevd liknende prosesser. Dette kan ikke fortsette. Det undergraver lokaldemokratiet.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Saka gjeld søknad om maskinpreparering av tre skiløyper på Hovden i Bykle kommune. Miljøverndepartementet ga løyve til preparering av to løyper i verneområdet (Storenos 1 og 2), men ga ikkje løyve til preparering av løypa vidare til Sloaros som ligg om lag 18 kilometer inn i fjellet.

Regjeringa er oppteken av friluftsliv. Det er positivt at folk ønsker å bruke fjellet, gå på ski og oppleve naturen. Aktivt friluftsliv er viktig for folkehelsa, for å få frisk luft, oppleve ro og stillheit, få naturopplevingar og følelse av meistring.

I nokre fjellområde må likevel ønsket om flest mogleg menneske ut i friluftsaktivitetar balanserast mot ønsket om å ta vare på naturen. Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er leveområde for Europas sørligaste villreinstamme, og formålet med vernet er særskilt knytt til å ta vare på dette leveområdet. Villreinen er ein ansvarsart for Noreg, og Noreg har såleis eit internasjonalt ansvar for å sikre levedyktige bestandar av villreinen. Området er eit av ti nasjonale villreinområde i Noreg, kor målsettinga er at ein særleg skal prioritere tiltak for å sikre villreinen sine leveområde med tilstrekkeleg storleik, kvalitet og moglegheiter til vandring.

Som det følgjer av vedtaket, har departementet lagt vekt på at maskinpreparerte løyper vil føre til auka menneskeleg ferdsel i området. Det er altså ikkje løypemaskinane i seg sjølve som har vore avgjerande for avslaget, men den auka menneskelege aktiviteten som følgjer med maskinpreparerte løyper.

Ei maskinpreparert løype til Sloaros vil leggje til rette for at langt fleire skigåarar vil ta turen til Sloaros enn det som ville vere tilfellet utan ei maskinpreparert løype. Preparering vil generere auka ferdsle og kanalisere fleire skiløparar inn i områder som er viktige for villreinen, mellom anna kalvingsområde. Det bør ikkje legges til rette for stor ferdsel i slike område.

Det har i seinare år vore fokus på aukande grad av fragmentering av villreinområder og dei skadeverknadar dette vil kunne medføre på lang sikt. Auka ferdsel er blant dei mest alvorlige truslane mot villreinen. Reinen er særleg sårbar i vintersesongen.

I området rundt Hovden er det gode moglegheiter for å gå på ski i maskinpreparerte løyper, inklusive løypene Storenos 1 og 2, som departementet har gjeve løyve til å preparere. Vedtaket er heller ikkje til hinder for å gå på ski inn til Sloaros. Avslaget medfører berre at løypa ikkje blir maskinpreparert.

Klagehandsaminga har fulgt gjeldande reglar for handsaming av slike sakar. Når det gjeld kommunen sine synspunkt, har desse verte godt opplyst gjennom sakshandsaminga. Eg synar til at kommunen og er representert i vernestyret, som har hansama saka to ganger.