Bård Vegar Solhjell (SV): Dei siste avsløringane om amerikansk overvaking i andre land viser oss at omfanget av overvaking rundt oss er mykje større enn me tidlegare har trudd. Denne nye kunnskapen gir oss nok ein grunn til å ta personvern på alvor. I valkampen varsla Frp, Krf og Venstre at dei ynskja at saka om datalagringsdirektivet skulle opp i Stortinget på ny.
Kan samferdsleministeren avklare om regjeringa kjem til å handsame datalagringsdirektivet på ny eller om dei vil utsetje implementering?
Begrunnelse
Den raske teknologiske utviklinga me har opplevd dei siste åra har gitt oss mange fantastiske mogelegheiter. Samtidig opnar det for overvaking i eit heilt anna omfang enn tidlegare. Det gir grunn til å ta ei ny vurdering av korleis me kan beskytte personvernet best mogleg.
4. april 2011 vedtok Stortinget, med røystene frå Arbeiderpartiet og Høgre, datalagringsdirektivet. Direktivet forpliktar teleselskapa å lagre lokaliserings- og trafikkdata frå alle mobil- og internettbrukarar for etterforskingsføremål. Det betyr at alle telefonsamtalar, SMS-ar og e-postar vil bli registrerte og lagra. Direktivet vil vere ei historisk og dramatisk utviding av styresmaktenes kontroll over folk.
Det er mange grunnar til å handsame datalagringsdirektivet på ny i Stortinget. EU har datalagringsdirektivet til handsaming i EU-domstolen for å avklare om direktivet bryt med EUs charter om fundamentale rettar. Snowden-avsløringane om amerikansk overvaking av statsleiarar viste oss nok ein gong at graden av overvaking når nye høgder.
Det gir grunn til å vurdere ei av dei viktigaste sakene for personvernet i Noreg på ny.
Venstre, Framstegspartiet og Krf lova i valkampen at dei ville ta opp saka om datalagring på ny etter valet. Den nye regjeringsplattforma seier ikkje noko om direktivet, men regjeringa legg opp til å føre ein IKT-politikk som tar personvern på alvor. Det gir grunn til å be regjeringa avklare sitt syn på datalagringsdirektivet i komande periode.