Ingrid Heggø (A): I Finnmark Dagblad 31.10.13 kan vi lesa at 100 tilsette ved Norway Seafood sitt anlegg i Hammerfest er permittert. Usikkerheita for dei tilsette og lokalsamfunnet elles vert ikkje mindre av at Høgre og Framstegspartiet i regjeringsplattforma har varsla at leveringsplikta skal knyttast opp mot ulike regionar, framfor enkeltanlegg og kommunar.
Korleis vil statsråden konkretisera desse formuleringane, og kva for konsekvensar vil endringane få for dei tilsette ved Norway Seafood i Hammerfest?
Begrunnelse
Ordninga med leveringsplikt for torsketrålarar skal sikra at fiskeforedlingsverksemder i Finnmark, Troms og Nordland skal få tilgang på råstoff. Aker Seafood har fått dispensasjon frå aktivitetskravet i deltakarlova slik at dei kan sikra råstoff til eigne anlegg gjennom denne leveringsplikta. Regjeringa har varsla at leveringsplikta skal overhaldast for inngåtte avtalar, men har samstundes varsla ei regionalisering av leveringsplikta. Dette skaper usikkerheit i lokalsamfunn langs kysten som i dag har landanlegg som er omfatta av leveringsplikta. Det er derfor behov for ei avklaring på kva regjeringa meiner med formuleringane om regionalisering, og korleis det vil påverka landanlegg som det Norway Seafood har i Hammerfest.