Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:59 (2013-2014)
Innlevert: 06.11.2013
Sendt: 06.11.2013
Besvart: 13.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Regjeringa vil no innføre normerte sjukmeldingar. Ein slik fast mal for lengda på sjukmeldingsperiodar vil slå forskjellig ut for ulike typar arbeidstakarar. Til dømes vil ein statsråd truleg lettare kunne kome tilbake i arbeid etter eit beinbrot enn ein tømmerhoggar.
Korleis vil statsråden forsikre seg om at normering ikkje vil føre til at eit byråkratisk og rigid regelverk overprøvar medisinske vurderingar, og korleis skal han hindre at dette ikkje slår urettferdig ut for ulike typar arbeidstakarar?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Regjeringas politikk bygger på at deltaking i arbeidslivet er ein av dei viktigaste bærebjelkane i eit menneske sitt liv. Det gjeld òg om ein blir råka av sjukdom eller funksjonstap. Å forvalte arbeidet med sjukmeldingar på ein god og føremålstenleg måte, er eit viktig bidrag til deltaking i arbeidslivet, trass i helseplager og sjukdom.
Det går fram av Regjeringas politiske plattform at å innføre rettleiande, normerte sjukmeldingsperiodar vil sikre meir likskap i handsaminga av sjukmeldingsprossen. Dette vil gi dei sjukmelde større tryggleik. Eg vil presisere at vi i plattforma er klare på at dei normerte periodane skal være rettleiande og at avgjerda til sjukmeldaren difor skal vege tyngst.
Det er dokumentert at det er stor variasjon i legane sin sjukmeldingspraksis. Sjukmeldingspraksisen er ein viktig faktor som påverkar sjukefråværet. Mange legar opplever arbeidet med sjukmeldingar som ei utfordring der dei forventingane pasientane har skal balanserast mot det behovet samfunnet har for å avgrense sjukefråværet. Etter mitt syn kan rettleiande, normerte sjukmeldingsperioder bidra til ein god og einsarta sjukmeldingspraksis og samtidig vere til støtte for sjukmeldarar som finn denne dobbeltrolla vanskeleg å praktisere.
Etter at normert sjukmelding blei innført i Sverige gjennom ”beslutningsstøtten” (veiledninga), har det vore gjort fleire undersøkingar for å kartleggje effektar og omfang. Ei undersøking frå 2009 frå Försäkringskassan viser at både lengda og spreiinga i varigheita av sjukmedlingane blei reduserte etter innføringa. Resultata blir tolka slik at dei medisinske tilrådingane blir nytta og at dei har effektar på sjukmeldingane.
Vurderinga av kva slags arbeid som er mogleg for ein som er sjuk skal alltid vere individuell og ta utgangspunkt i dei føresetnadene denne personen har. Føremålet med normerte sjukmeldingsperiodar er ikkje å overprøve skjønnet til sjukmeldarane, men å utarbeide ein betre og meir kvalitetssikra sjukmeldingsprosess, med betre rettstryggleik både for pasientar og helsepersonell.
Eg vil no sjå nærare på korleis ei ordning med normerte sjukmeldingar konkret kan utformast.