Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:64 (2013-2014)
Innlevert: 07.11.2013
Sendt: 07.11.2013
Besvart: 13.11.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I følgje ein ny Sintef- rapport kan omlag 7 prosent av alle pasientar i psykisk helsevern vurderast som utskrivingsklare, men ventar på kommunale tenester. Minst halvparten av dei treng bustad, medan det for andre handlar om omfattande hjelpetiltak. Bykommunar som Oslo, Bergen og Trondheim har dei største utfordringane.
Vil statsråden innføre kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykiatrien på same måte som for utskrivingsklare somatiske pasientar, og i tilfelle når vil dette kunne skje?

Begrunnelse

Viser til svar på spørsmål nr 21 datert 5.11. Etter at ein innførte kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar frå 1.1. 2012 som del av Samhandlingsreforma, har det kome tilbakemeldingar om at dette har ført til uheldige skeivprioriteringar: Kommunar prioriterer kommunale tilbod til somatiske pasientar, men ikkje dei med psykiatrisk diagnose sidan desse slepp ein å betale for. Etter at SINTEF rapporten no har kartlagt denne utfordringa, hastar det med å få ei avklaring og å gi eit tydeleg signal om denne økonomiske ordninga skal gjelde alle pasientar, uansett diagnose. I Regjeringsplattforma er det sagt at ein skal satse på psykisk helse. Det er også varsla endringar i ordninga med kommunal medfinansiering. Men det er ikkje varsla endringar i den økonomiske ordninga med utskrivingsklare pasientar.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Det er eit mål for denne regjeringa å styrke dei kommunale tilboda til menneske med psykisk sjukdom, mellom anna ved å satse meir på førebygging og å byggje ut lavterskeltilbod i kommunane. Viktige verkemiddel for å nå dette målet er lover, finansiering og godt planarbeid.

Samhandlingsreforma ga kommunane eit styrka ansvar for innbyggjarane sine. Dette inneber at kommunane skal leggje til rette for og gje eit forsvarleg tilbod til både dei innbyggjarane som har ein somatisk sjukdom og dei med psykisk sjukdom. Styrka innsats for fleire lavterskeltilbod, kompetanseauke og betre førebyggjande tenester er tiltak som vil setje kommunane i stand til å løyse desse oppgåvene. Samstundes vil regjeringa styrke det psykiske helsevernet, slik at tilbodet her ikkje vert bygd ned før kommunane har hatt tid til å byggje opp.

Regjeringsplattforma legg til grunn at samhandlingsreforma vert vidareført med dei verkemidlane vi har i dag. Unnataket er kommunal medfinansiering, der plattforma slår fast at ordninga skal reverserast. Etter å ha hatt dialog med mellom anna KS, ser eg nytta av å få ei god evaluering av korleis medfinansieringsordninga har fungert, slik at ho kan erstattast av ei betre ordning.

Kommunane har frå 2012 overteke det finansielle ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus med medisinske somatiske sjukdommar frå første dag. Det er overført 560 mill. kroner frå sjukehusa til kommunane for å kunne etablere tilbod for disse pasientane. Frå 2011 er det stilt krav om registrering av utskrivingsklare pasientar innafor psykisk helsevern til Norsk pasientregister (NPR). Denne registreringa har så langt ikkje hatt ein kvalitet som gjer det mogleg å seie noko sikkert om det reelle omfanget av utskrivingsklare pasientar innafor psykiske helsevern. Eg meiner at verkemidlar ikkje skal innførast før vi kan vere sikre på at dei ikkje slår negativt ut for pasientar eller kommunar. Derfor må arbeidet med å få fram betre data halde fram.

Svaret på representanten Toppe sitt spørsmål er derfor at regjeringa vil vurdere å innføre betalings-plikt for utskrivingsklare pasientar i det psykiske helsevernet så snart vi har eit grunnlag for innføringa som gjer oss sikre på at tilbodet til pasientar ikkje vert dårlegare.