Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:74 (2013-2014)
Innlevert: 12.11.2013
Sendt: 12.11.2013
Besvart: 18.11.2013 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden sjå på saka og vurdere å gje tilskott til denne prosessen under føresetnad at det føreligg fleirtalsvedtak i dei berørte kommunar om at ein ynskjer å utrede samt at det føreligg ein plan for korleis resultatet skal presenteras innbyggjarane?

Begrunnelse

Ordføraren i Radøy Jon Askeland skriv fylgjande i ein e-post:

"Som du kjenner til, så har dei ni kommunane i Nordhordland gått i gang med eit stort utgreiingsarbeid. Fylkesmannen i Hordaland har frå starten vore ein engasjert medspelar i prosjektet. Me har laga ein omfattande prosjektplan, og søkte både Fylkesmann og KRD om skjønsmidlar.
Fylkesmannen lova oss skjønsmidlar, men frå KRD fekk berre etter ein del rundar ein liten pott skjønsmidlar for å koma i gang, og me fekk tydeleg melding om at for å få vidare skjønsmidlar til hovudprosjktet, så måtte deltakarkommunane først gje ei viljeserklæring for at dei ville fusjonera. Me ville derfor ikkje få skjønsmidlar for dei kommunane som ikkje gav viljeserklæring.
Me vart veldig forundra over dette, og eg kontakta KRD, og sa at det er vanskeleg for dei fleste kommunane å gje eit førehandstilsagn på å fusjonera, då det nettopp er utgreiingsarbeidet som skal gje svar som grunnlag for ei tilråding til vedtak i kommunestyra. Eg argumenterte med at det måtte då vera tilstrekkeleg at kommunane slutta seg til å driva utgreiingsarbeidet. Men, me fekk ikkje medhald i dette.
Ein vidare konsekvens er altså at Fylkesmannen kan heller ikkje gje oss vidare skjønsmidlar slik han har varsla. Kommunestrukturprosjektet i Nordhordland står derfor i fare for å stoppa opp pga. me pt ikkje har midlar å driva for i 2014, som etter eigen plan er det verkeleg store utgreiingsåret. Me har laga ein innfallsvinkel til prosjektet som både Fylkesmann og Telemarksforsking har gitt oss honnør for, så eg meiner me kan skaffa oss nyttig kunnskap å dela med resten av landet på dette feltet.
Med den varsla kommunestrukturreforma, så ber eg om at kommunalkomitèen får KRD til å endra praksis på området. Etter mitt syn må det som minimum vera slik at Fylkesmannen står fritt i å gje sine skjønsmidlar til kommunestruklturprosjekt uavhengig av om KRD gjev nasjonale skjønsmidlar. Vidare bør KRD gje skjønsmidlar til kvalitativt gode strukturprosjekt, som har som føremål å utgreia ev. strukturendringar. For oss i Nordhordland er tidsfaktoren viktig for å få ei rask avklaring på spørsmåla."

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Når kommunar vil søkje om midlar til utgreiingsarbeid er det fleire forhold som vil bli vektlagd. Departementet har følgjande vilkår for å gje økonomisk støtte:

• Det må vere fleirtalsvedtak i kommunestyra

• Kommunane må gå inn med eigne midlar

• Kommunane må i søknaden synleggjere korleis resultata frå utgreiinga skal presenterast i kommunane

Dei seinaste åra har fleire kommunar motteke slik støtte, deriblant dei ni kommunane i Nordhordland. Eg er overraska over signala ordførar Askeland oppgjev at han har fått frå departementet om "[ ... ] førehandstilsagn for å fusjonera". Slike signal er ikkje i tråd med praksis i departementet. Eg håper difor at dette skuldast ei misforståing.

Eg vil ikkje leggje hindringar i vegen for kommunar som ynskjer å vurdere samanslåing. Utgangspunktet for vidare støtte er at kommunane må gjere nye vedtak i kommunestyra, og sende ny søknad til departementet. Men eg kan stadfeste at det er tilstrekkeleg at dei nye vedtaka forpliktar kommunane til vidare utgreiing.