Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:85 (2013-2014)
Innlevert: 14.11.2013
Sendt: 14.11.2013
Besvart: 26.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Regjeringa seier i regjeringserklæringa at ho vil «innføre krav om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar». Ei slik moglegheit for å stille krav fins allereie, heimla i lov om sosiale tenester i Nav.
Kva for lov- og regelverksendringar og andre endringar er det statsråden ser føre seg må til for å utnytte ei moglegheit som allereie fins?

Begrunnelse

Sitat frå Høgre og Framstegspartiet sin politiske plattform:

"Regjeringen vil innføre krav til aktivitet for sosialhjelpsmottakere, med særlig fokus på lavterskeltiltak og arbeidstrening rettet mot unge for å sikre en permanent overgang til arbeidslivet."

Viser til lov om sosiale tenester i NAV, § 20 første ledd:

"Det kan settes vilkår for tildeling av økonomisk stønad, herunder at mottakeren i stønadsperioden skal utføre passende arbeidsoppgaver i bostedskommunen."

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Heimelen som gir kommunane høve til å stille vilkår ved tildeling av økonomisk stønad sto også i den gamle sosialtenestelova frå 1991. Fagfolk har drøfta om aktivitetsplikt eller andre vilkår er det beste middelet for å hjelpe dei som er avhengig av stønad til å bli heilt eller delvis i stand til å forsørgje seg sjølv, eller om ein har hatt andre, meir eigna virkemiddel.
Det har vore ei utvikling mot større tru på krav, og vilkår er mykje brukt i dag. Likevel viser undersøkingar, seinast rapporten som Proba samfunnsanalyse utarbeidde på oppdrag frå Arbeidsdepartementet i 2012, at høve til å stille krav om aktivitet vert brukt i varierande grad i kommunane. Mellom anna stiller større Nav-kontor oftare vilkår enn mindre kontor.
Eg meiner det er viktig å stille krav, og eg ønskjer ein likare praksis på dette området. Eg vil kome tilbake til kva for konkrete endringar som skal gjerast i regelverket og/eller på andre områder for å oppnå dette.
Eg vil understreke at målet med vilkår for sosialhjelp er at tiltaka skal hjelpe stønadsmottakaren over til ordinært arbeidsliv eller til utdanning. Vi er difor og opptekne av at det skal vere eigna tiltak for dei som treng det. Eg er særleg oppteken av at unge skal kome raskt inn i tiltak med låg terskel og arbeidstrening for å sikre ein varig overgang til arbeidslivet.