Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:114 (2013-2014)
Innlevert: 21.11.2013
Sendt: 22.11.2013
Besvart: 28.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Regjeringa går no inn for dyrare barnehagar, ikkje to barnehageopptak, ei vidareføring og styrking av kontantstøtta, og opprettheld delvis skatteklasse 2.
Er desse politiske grepa i tråd med regjeringa sitt mål om at det skal løne seg å jobbe og om å styrkje overgangen frå stønad til arbeid, og meiner statsråden at desse endringane styrkjer arbeidslina?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Regjeringa har i tilleggsnummeret til statsbudsjettet for 2014 berre foreslått å justere maksimalprisen for ein barnehageplass som følgje av den generelle prisauken i budsjettet. Det inneber at prisen blir vidareført på same reelle nivå som i 2013. Regjeringa vil leggje til rette for at fleire kan nytte tilbodet om barnehageplass gjennom å differensiere foreldrebetalinga, og å vurdere ordningar som kan skjerme barnefamiliar med dårleg råd og med barn i barnehage. Slike ordningar vil kunne ha ein positiv effekt på arbeidstilbodet. Regjeringa ønskjer vidare å sikre familiar med små barn god tilgjenge på barnehageplass av god kvalitet. Dette er viktig for barna, foreldra og samfunnet.

Dei familiepolitiske grepa til regjeringa skal sikre familiane med dei yngste barna valfridom og fleksibilitet, slik at dei kan kombinere arbeid og barneomsorg slik dei sjølve ønskjer. Det er i den perioden barna er heilt små at familiane treng ein slik valfridom mest. Ikkje alle foreldre ønskjer å sende barna sine i barnehage allereie frå dei er eit år. Rundt 80 prosent av eittåringane går i barnehage i dag. Det store fleirtalet av foreldra til dei eittåringane som ikkje hadde starta i barnehage, peikte på verdiar eller praktiske grunnar for at barnet var heime med mor eller far. Dette kom fram i den store barnetilsynsundersøkinga som Statistisk sentralbyrå gjennomførte i 2010. Auka kontantstøtte gir desse familiane eit meir reelt alternativ i den perioden barna er svært små.

Regjeringa sitt forslag til endringar i skatteklasse 2 betrar insentiva til arbeid for mange ektemakar samanlikna med dagens reglar, men tek ikkje ut heile potensialet. Dersom ein fjerna heile ordninga i 2014, ville somme ektepar kunne få ein stor skatteauke. Det vil alltid vere slik at ein, i tillegg til verknader på arbeidstilbodet, må ta omsyn til fordelingsverknader og andre politiske prioriteringar i utforminga av skattesystemet.

Regjeringa vil føre ein politikk som fremjar vekst i sysselsettinga. Ei vellukka arbeidsline som gir fleire personar på stønader mogelegheit til å kome i arbeid, krev eit næringsliv som etterspør arbeidskraft.

Regjeringa har saman med Venstre og KrF prioritert skattelette som skal fremje vekst og ein betre ressursbruk i budsjettet for 2014. Det inneber redusert skattesats på alminneleg inntekt både for personar og selskap. Med budsjettforslaget vil eit stort fleirtal av skattytarane stå overfor ein lågare marginalskatt på arbeid og kapital. Også endringane i reglane for overgangsstønaden betrar insentiva til arbeid. Betre insentiv til arbeid i skattesystemet vil også gi positive langsiktige fordelingsverknader.