Hadia Tajik (A): Kvifor vurderer norske myndigheiter behovet for å sikre norske borgarars personvern annleis enn Danmark, og så lenge norske Telenor vurdere dette spørsmål annleis enn danske Telenor, kva kjem justisministeren til å gjere for å sikre norske borgarar sitt personvern?
Begrunnelse
Ifølge Dagens Næringsliv (28.11.13) vurderer Telenor i Danmark å leggje om all mobil- og datatrafikk for å halde den innafor Danmark sine grenser, medan Telenor i Noreg ikkje har slike planar. Dette trass i at Post- og teletilsynet påpeikar at hovudtyngda av norsk telefontrafikk og datakommunikasjon mellom Noreg og utlandet går over svensk territorium, og den svenske militære etterretningstenesta Försvarets Radioanstalt (FRA) kan drive signalspaning på all trafikk som passerer grensa.
Tidligare har både Datatilsynet og Den internasjonale juristkommisjonen i Noreg (ICJ) vore kritiske til kva dette kan føre med seg.