Kjersti Toppe (Sp): Helsefagarbeidarar er ei svært viktig yrkesgruppe i helsevesenet. Likevel er helse- og omsorgskomiteen gjort kjent med at det i spesialisthelsetenesta er "forsvunne" fleire tusen helsefagarbeidarstillingar dei siste åra. Det same kan også ha skjedd i kommunane.
Kan statsråden gje ein oversikt over utvikling av helsefagarbeidarstillingar i dei ulike helseføretaka og i kommunehelsetenesta dei siste 5-10 åra, og informere om kva tiltak han vil sette i verk for å stoppe ei negativ utvikling?
Begrunnelse
Ifølgje Fagforbundet står vi i fare for å oppleve eit underskot på 57 000 årsverk helsefagarbeidarar i år 2035. Denne utfordringa er ein av dei viktigaste i arbeidet med gode helse- og omsorgstenester i framtida.
Då helse- og omsorgskomiteen var på besøk til Helse- Sør Øst i førre stortingsperiode, fekk komiteen informasjon om at det i Helse Sør Øst hadde vore ein kraftig reduksjon på helsefagarbeidarar i helseføretaket, utan at leiinga heilt kunne forklare kvifor. Etter det Fagforbundet uttalte på høyringa til statsbudsjettet for 2014, er dette ein tendens i alle føretak. Dei svarte på spørsmål at dei trudde det kunne vere snakk om eit tal opp mot 5000 helsefagarbeidarstillingar som hadde forsvunne dei siste åra på sjukehus. Eg vil tru at same tendensen då kan vere gjeldande i kommunehelsetenesta. Det er avgjerande at ein slik tendens, der ei faggruppe sine stillingar vert redusert i ei tid der det elles er vekst i helsevesenet, må tas tak i. Helsefagarbeidarane er grunnmuren i helsetenesta. Det er eit ansvar for leiinga å syte for at det er nok stillingar tilgjengelig på både sjukehus og i kommunehelsetenesta, også fordi dette er den aller viktigaste rekrutteringsfaktoren for denne yrkesgruppa.