Kjersti Toppe (Sp): I Hordaland har politiet hittil i år henlagt til saman 489 saker fordi det er tvil om lovbrytar er tilregnelig. Politiet melder at dei av økonomiske omsyn ofte ikkje prioriterer å få utført psykiatrisk undersøking for å få svar på spørsmål om tilregneligheit (BT 19/12).
Kan statsråden gje ei oversikt over kor mange slike saker som henlagt på landsbasis, og vil statsråden sikre at politiet avklarar spørsmål om tilregneligheit i mindre saker?
Begrunnelse
I BT 19/12 kan vi lese om at politiet i Hordaland har henlagt 489 saker i år fordi det er tvil om lovbrytaren er tilrekneleg. Sakene fordelar seg på 64 personar som alle har sleppe straffeforfølging fordi det er usikkert om dei kan haldast ansvarlige for sine handlingar. For å få svar på om desse kan straffast, må dei gjennom ein grundig psykiatrisk undersøking, som kostar politiet om lag 40 000 kroner kvar gong. Det er i følgje avisa ein kostnad som politiet ofte ikkje vil ta i mindre alvorlige saker, som uansett berre vil gje nokre månader med fengselsstraff, og om personen er utilrekneleg vil saka uansett bli henlagt. Det er berre dei alvorlege sakene at ein kan bli dømt til behandling.
Riksadvokaten har tidlegare bedt om at politiet avklarar spørsmålet om tilregneligheit, også i mindre saker. I eit rundskriv frå 2001 står det at: " Det er ikke akseptabelt at enkelte lovbrytere oppfattes å ha " fribillett" til å begå omfattende eller plagsomme lovbrudd. Påtalemyndighetene må i slike tilfeller forvisse seg om at lovbryteren virkelig er utilregnelig før saken henlegges".
27-åringen som blei sikta for drapet på Herdla i førre veke, ble i januar tiltalt for over 30 tilfelle av nasking, hærverk og ordensforstyrringar. Sakene blei henlagt utan at det blei gjennomført full judisiell observasjon. I førre månad blei fleire nye saker mot 27-åringen lagt vekk, i all hovudsak vinningskriminalitet.
Dette dømet viser ein praksis i politiet der økonomiske omsyn gjer at ein ikkje sikrar at dei som utfører mindre alvorlige overtredelsar, får psykiatrisk undersøking - sjølv om dei burde det. Det er tydeleg at rundskrivet frå 2001, som er gjeldande i dag, ikkje blir fulgt opp av politiet.