Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:282 (2013-2014)
Innlevert: 16.01.2014
Sendt: 17.01.2014
Besvart: 23.01.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er statsråden villig til å sjå på regelverket slik at innvandrarar med vidaregåande utdanning frå land utanfor EU/EØS lettare kan få høve til å ta opp manglande fag og oppnå generell studiekompetanse i Noreg?

Begrunnelse

Slik opplæringslova har blitt tolka, har ikkje utanlandske søkjarar rett til vidaregåande utdanning i Noreg dersom dei har tilsvarande utdanning frå heimlandet. Diverre er det slik at innvandrarar frå land utanfor EU/EØS som regel treng meir utdanning i tillegg til fullført vidaregåande skule i heimlandet for å få godkjent generell studiekompetanse av Samordna opptak. Utanlandske søkjarar med vidaregåande opplæring frå heimlandet, men utan generell studiekompetanse, får difor ikkje høve til å ta høgare utdanning i Noreg, med mindre dei har råd til å ta dei manglande faga som privatist.
Det er viktig å sikre at innvandrarar frå land utanfor EU/EØS kan oppnå generell studiekompetanse og bruke evnene sine slik dei ønskjer. Det er viktig for integrereringa, og viktig for den norske økonomien som treng høgt utdanna arbeidskraft. Venstre tok opp denne problemstillinga med tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som i sitt svar 02.11.2011 diverre ikkje gav uttrykk for noko ønske om å følgje opp saka. Underteikna håpar den nye kunnskapsministeren vil sjå på problemstillinga med nye auge.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Det følgjer av opplæringslova § 4A-3 at vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, etter søknad har rett til vidaregåande opplæring. Dette inneberer at utanlandske søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring i sitt heimland, men som treng eit eller fleire fag for
å oppnå generell studiekompetanse i Noreg, etter loven ikkje har krav på opplæring i dei faga dei manglar.
Eg er kjent med den problemstillinga som reisas i spørsmålet. Eg ynskjer å presisere at heller ikkje personar som har fullført vidaregåande opplæring i Noreg, men som ikkje har bestått alle fag, har rett til seinare opplæring i dei faga dei treng for å få bestått.
Eg er einig med representanten i at det er viktig å sikre at innvandrarar frå land utanfor EU/EØS kan bruke evnene sine slik dei ønskjer, og at moglegheit til å oppnå generell studiekompetanse kan vere eit slikt tiltak. Ein slik rett vil krevje ei lovendring. Ei lovendring som utvidar vaksnes rett til vidaregåande opplæring vil medføre ei auke i kostnadene for fylkeskommunane og er dermed og eit budsjettspørsmål som må vurderast i samband med dei årlege budsjettforslaga.
Avslutningsvis vil eg vise til at opplæringslova angir minimumskrav, og at den enkelte fylkeskommune kan velje å ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Eg vil og vise til at vaksne utan rett til vidaregåande opplæring har rett til å få vurdert sin realkompetanse på vidaregåande opplæringsnivå i medhald av opplæringsloven § 4A-3 femte ledd.