Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:311 (2013-2014)
Innlevert: 28.01.2014
Sendt: 29.01.2014
Besvart: 07.02.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil samferdselsministeren ta initiativ til at FV 57 vert tilbakeført som riksveg att slik at denne viktige vegen får den klassifiseringa den hadde før?

Begrunnelse

Det var i 2009 i alt 27 262 km fylkesvegar i Noreg. Frå 1.1.2010 blei dei fleste riksvegane som ikkje var stamvegar (også kalla øvrige riksvegar) overført til fylkene og blei fylkevegar.
Etter at denne reformen trådde i kraft er det to typer fylkesvegar i Noreg, dei opprinnelege fylkesvegane som ikkje var skilta, og skilta fylkesveg dvs. dei tidlegare riksvegane.
Riksveg 57 frå Knarvik til Mongstad og vidare til Sogn og Fjordane vart også Fv i 2010. Denne vegen tek av frå E 39 i Knarvik i Lindås kommune og er hovudveg til Mongstad. Mange bygdesamfunn ligg langs denne vegen.
Vegen som blei bygd på slutten 60 talet, tidleg 70 tall kom i forbindelse med industristaden Mongstad. Den blei bygd hastigt, og har hatt ein dårleg standard frå starten av. Store strektninger har ikkje gang og sykkelveg, vegen har ikkje vore sæleg utbetra, men fekk ei viktig oppgradering i 2007/2008 med to nye tunellar på Åse – Herland som blei forskotert av Lindås kommune og næringslivet i samarbeid.Vegen er også ein lokalveg for svært mange.
Fv 57 har stor trafikk, og stor trafikkauke. Då Mongstad er Noregs største industristad og har hatt ei kraftig auke i arbeidsplasser, så har sjølvsagt også trafikkmengen auka. I 2008 hadde ein om lag 3700 køyretøy mot grensa til Austrheim kommune. Denne mengen har frå 2008 vore aukande.
På Fv 57 går det særleg farleg gods, anna køyretøy og diverre har ein her hatt mange alvorlege trafikkulykker. Særleg har vegen dårlege tilhøve for mjuke trafikanter, noko som medfører ein usikker kvardag for innbyggjarane. På store strekninger er vegen fysisk stengt for mjuke trafikanter.
Sidan vegen blei fylkesveg opplever kommunane å vere i sterk konkurranse med andre fylkesvegar i fylket. Fv 57 er i ein særklasse då dette er ei viktig samferdsleåre for næring og industri både på Mongstad og Sløvåg. Fylket forskoterer mykje, og difor er også store vegmidler allereie bunde opp i forskotering.
Industrien både med Statoil, Mongstad base og anna viktig næring og industribedrifter etterspør betre vegstandard då denne ikkje står i stil med utviklinga som har vore og som kjem. Mongstad base står overfor store investeringer og utviding av aktivitet som vil føre til meir auke på vegen. Vegen må få ein annan standard og dei mjuke trafikantane må ivaretakast.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg viser til at reforma som bidrog til at den aktuelle strekninga fv 57 blei omgjort skyldes det politiske fleirtalet i Stortinget samansatt av SV, Sp, Ap, V og KrF, medan partia Høgre og FrP ikkje ønskte å omgjera dei om lag 17 000 km med riksvegar til fylkesvegar.
I samband med forvaltningsreforma vart vel 17 000 km riksveg omklassifisert til fylkesveg. Kommunal- og regionaldepartementet hadde utarbeidd kriterium som grunnlag for å vurdere kva for øvrige riksvegar som framleis skulle vere ein del av riksvegnettet. Med bakgrunn i desse kriteria gjennomførte Statens vegvesen ei brei høyring av eit forslag til klassifisering. Med bakgrunn i dei nemnde kriteria og denne høyringa vart eit forslag til omklassifisering av vegar i samband med forvaltningsreforma lagt fram for Stortinget våren 2009, jf. St.prp. nr. 72 (2008-2009). Gjennom behandling av denne proposisjonen slutta Stortinget seg til gjeldande klassifisering, jf. Innst. S nr. 312 (2008-2009).
Ved omklassifiseringa vart det lagt til grunn at det tidlegare stamvegnettet framleis skulle vere riksveg. Vidare vart det lagt til grunn at vegar og ferjesamband på det øvrige riksvegnettet framleis skulle vere riksveg og riksvegferjesamband dersom dei hadde ein funksjon som:

- koplingar til nasjonale knutepunkt
- koplingar til større byområde
- viktige interregionale vegar
- viktige riksvegar mot nabolanda.

Fv 57 vart ikkje vurdert til å ha nokon slik funksjon og vart derfor omklassifisert til fylkesveg. Eg legg ikkje opp til å endre på slike avgjørelser enkeltvis, men vil forholde meg til stortingsflertallets vedtak som KrF var en del av.