Geir Inge Lien (Sp): Ertesvåg Samdrift i Haram kommune har 1300-1400 dekar som skal driftast. Deira eigne tal visar at auka i mineraloljeavgifta førar til auka kostnadar på fleire titals tusen kroner.
Vil regjeringa kompensera for dette gjennom auka tilskot til landbruket?
Begrunnelse
I statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke ei auke i mineraloljeavgifta på 53,9 øre utover det som låg i regjeringa Stoltenbergs budsjett. Dette er ei auke som gir auka kostnadar for båteigarar, lokalt næringsliv, landbruket og anleggsbransjen. Dette vil og gje auka kostnadar for vegprosjekt, og høgare bompengjebidrag som følgje av det. Når det gjeld konsekvensane for landbruket har representanten hatt kontakt med Ertesvåg Samdrift i Haram kommune som ligg i Møre og Romsdal. Dei har sjølv rekna på kva den auka avgifta gjer på kostnadsnivået deira.