Skriftlig spørsmål fra Stine Renate Håheim (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:337 (2013-2014)
Innlevert: 03.02.2014
Sendt: 04.02.2014
Besvart: 10.02.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Stine Renate Håheim (A)

Spørsmål

Stine Renate Håheim (A): Kjenner statsråden til at Nav har endra praksis i saker om båretransport, og blir båretransport via heimen sett på som ei naudsynt utgift som kan dekkjast av folketrygda?

Begrunnelse

Eg viser til at ansvaret for vurdering av utgiftsdekning til båretransport blei sentralisert og teke over av Nav Forvalting Hordaland 1.september 2013. I den samanheng har eit gravferdsbyrå kontakta meg med bodskapen om at ein opplever strengare handheving av regelverket og endring i praksis. Dette gjeld særlig avslag på søknadar knytt til båretransport via heimen.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Utgifter til båretransport blir dekka etter reglane i folketrygdlova § 7-3 og ei forskrift som er heimla i denne paragrafen. Det er berre dei utgiftene til transport av båre som er naudsynte som blir dekka, fråtrekt ein eigendel på 10 prosent av full gravferdsstønad. Full gravferdsstønad er no 22 083 kroner.
Formålet med stønad til båretransport er at det ikkje skal vere ein ekstra belasting for dei pårørande at utgifter i samanheng med gravferda blir høgare på grunn av lange avstandar, at det er langt til gravferdsbyrået, at det er naudsynt å nytte fergje, og andre utanforliggande omsyn. Stønaden sikrar på denne måten at ei verdig gravferd eller bisetting ikkje blir forhindra av økonomiske årsaker.
Om utgifter til transport via heimen er å rekne som naudsynte, blir vurdert i det einskilde høve. Det som blir dekka er utgifter til den rimelegaste naturlege transportmåten og transportvegen.
Som representanten viser til, blir søknader om gravferdsstønad og stønad til båretransport handsama av NAV Forvaltning Hordaland. Formålet med ei slik sentralisering er mellom anna å få lik handsaming av desse sakene i heile landet. For somme gravferdsbyrå kan nok dette opplevast som ei endring i praksis, da det kan ha vore noko ulik praksis rundt om i landet tidlegare.
Eg kan elles opplyse at NAV har tett og god dialog med gravferdsbransjen. Bransjen har mellom anna ein eigen kontaktperson i NAV som raskt kan avklare spørsmål bransjen har.
Eg er oppteken av at Arbeids- og velferdsetaten handsamar sakene i samsvar med gjeldande regler og retningsliner. Eg legg til grunn at handsaminga av saker om utgifter til båretransport er innanfor desse rammene.