Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:342 (2013-2014)
Innlevert: 04.02.2014
Sendt: 05.02.2014
Besvart: 11.02.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil helseministeren ta initiativ til at mammografibussen som går rundt i Hordaland framleis kan ha ei framtid, slik at kvinnene i målgruppa fortsatt kan få eit tilbod i nærleiken av sitt nærmiljø?

Begrunnelse

Mammografibussen i Hordaland har i dei åra den har vore ute i regionane vore ei suksesshistorie. Oppmøtet ved bussane veit vi er god, ofte på over 80% noko som er høgare enn på dei stasjonære einingane, eller sentra/ sjukehus. Men no kan det bli slutt på denne viktige ordninga i Hordaland. Helse Bergen vil fase ut tilbodet og heller satse på ein sentral på Danmarksplass i Bergen sentrum. Fyrste region ut som ser ut til å miste dette tilbodet er region Nordhordland. Det er lange avstandar i Hordaland, og kvinnene vil difor få lang reiseveg for å ta del i denne undersøkinga.
Tilbodet om mammografi som er ei screening undersøking til kvinner mellom 50 og 69 år har viktige mål, redusere dødelighet av brystkreft og redusere overbehandling.
Difor er ein avhengig av at oppmøtet ikkje går ned. Samhandlingsreformen sin intensjon skal også ha fokus på at helsetenestene der det er mogleg flyttes utifrå dei store sjukehusa og ut i distrikta. Å avvikle mammografibussen er difor slik eg ser det stikk i strid med tankane bak reforma.
I dette tilfelle i Hordaland, etterlyser også kommunane samhandling, informasjon og diskusjon omkring denne utfasinga. Å vere likeverdige partar må vel også bety å kome inn på eit tidleg tidspunkt slik at ein saman kan diskutere helsetenestene som vert gitt ute.
Omlegging av tilbodet kan vidare føre til ei svekking av folkehelsa, då ein risikerer at færre kvinner i distrikta får oppdaga sin brystkreft i tidleg fase, og då kan dei risikere å måtte gjennomgå meir omfattande behandling når sjukdomen seinare vert oppdaga.
Ei ny studie utført ved kreftregisteret viser at brystkreftdødeligheten er 43 % lågare blant kvinner som møter til screeningprogrammet, samanlikna med dei som ikkje møter. Dette viser at der er stor gevinst av programmet, og at oppmøteprosenten faktisk er avgjerande.
For å få oppmøte høgast mogleg, er det difor viktig med god tilrettelegging, nærleik til tilbodet og ufarleggjere undersøkinga. Alt dette ivaretek mammaografibussen i dag, og personalet som arbeider på bussen gjer ein stor og viktig innsats.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Mammografiprogrammet inviterer alle kvinner mellom 50 og 69 år til mammografiundersøkelse annet hvert år. Formålet er å oppdage svulster på et så tidlig stadium at det kan iverksettes effektiv behandling og redusere dødeligheten. Det er satt som et hovedmål for Mammografiprogrammet at det skal oppnå en 30 % reduksjon av dødelighet av brystkreft for kvinner som inviteres til screening.
Tall fra Kreftregisteret viser at for alle screeninger samlet, ligger Hordaland på en andreplass, sammen med Sogn og Fjordane, med et oppmøte på 83 prosent. Det er bare Rogaland som har et høyere oppmøte med 86 prosent. Gjennomsnittet for hele landet er på 77 prosent.
Helseforetakene har ansvar for at mammografiscreeningen gjennomføres innenfor gitte rammer av tid og ressurser. Det betyr at de har ansvar for selve screeningen, herunder bemanning av bussene, og for eventuell videre oppfølging av kvinnene med utredning, diagnostikk og behandling.
Jeg har i forbindelse med spørsmålet innhentet en redegjørelse fra Helse Vest RHF. I sitt svar viser Helse Vest til følgende redegjørelse fra Helse Bergen HF:

”Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus opnar ei heilt ny mammografieining på Danmarksplass sommaren 2014. Eininga får to nye mammografiapparat, og bidrar til å sikre eit godt tilbod til alle kvinner som skal delta i mammografiscreening. Dette vil gi endringar i oppmøtestad for nokre av kvinnene. Tilbod om mammografiscreening til alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år er vedtatt i Stortinget. Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ansvar for screeninga i Hordaland, pluss deler av Helse Fonna. Frå starten av mammografiscreeningen i 1996 og fram til i dag, har talet på kvinner i programmet i Hordaland auka med nesten 13 500. Det er venta ei fortsatt auke på ca. 3000 kvinner fram mot 2018/2019. Til tross for ei stor auke av kvinner i den aktuelle alderen for å delta i mammografiscreeninga, har Radiologisk avdeling den same maskinparken i 2013 som ved oppstarten i 1996. For å kunne gi kvinnene et akseptabelt tilbod i framtida, er det heilt nødvendig å få fleire mammografiapparat. Avdelinga skal derfor opne ei ny screeningeining med to mammografiapparater på Danmarksplass. Danmarksplass er vald fordi det ligg sentralt i Bergen med gode kommunikasjonar, blant anna bybanestopp. Det vil også bli nokre
parkeringsplasser til disposisjon. Samtidig med utbygginga på Danmarksplass, vil screening med mobile apparat i buss gradvis bli fasa ut. To stasjonære mammografiapparat vil gi eit sikrare tilbod til kvinnene enn dagens tilbod med ein kombinasjon mellom stasjonære og mobile apparat. Med den nye ordninga blir screeningprogrammet mindre sårbart ved apparatsvikt og sjukdom. Vi vil også kunne gi eit tilbod til fleire kvinner innanfor dei økonomiske rammene for programmet.
Reisetid for tilsette til og frå mammografibussen medfører redusert kapasitet samanlikna med den stasjonære eininga. Ved å invitere kvinner til Bergen i staden for til ei mobil eining, kan vi auke kapasiteten per i dag med ca. 60 kvinner per veke, noko som er heilt nødvendig dersom vi skal kunne gi eit tilbod til alle kvinner i Hordaland fylke. Ved å legge om til 2 stasjonære einingar, blir det også mogleg med auka drift på kveldstid og dermed rom for å auke kapasiteten i takt med auken i talet på kvinner som skal ha tilbod om mammografi fram mot 2020. Kvinner i Nordhordland vil f.o.m 2014 få tilbod om mammografiscreening i våre nye lokalar
på Danmarksplass i Bergen. Frå 2015 vil kvinnene frå 8-9 kommunar i andre delar av Hordaland også få invitasjon til Danmarksplass. Ved å fase ut mammografibussen og satse på stasjonære einingar, vil tilbodet bli likt det som er i Rogaland og Sogn og Fjordane. Desse fylka har ikkje hatt mammografibuss.”

Jeg viser til redegjørelsen fra Helse Vest RHF, og forventer at de kvinnene som blir berørt av den nye organiseringen gis god informasjon, og blir ivaretatt på en god måte.