Skriftlig spørsmål fra Einar Horvei (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:345 (2013-2014)
Innlevert: 04.02.2014
Sendt: 05.02.2014
Besvart: 17.02.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Einar Horvei (SV)

Spørsmål

Einar Horvei (SV): I Aftenposten 2. februar hevdar statsråden at mange planlagde tunneloppgraderingar er bortkasta og bør stoppast. Dette fordi det er planlagt nye vegtrasear på dei same strekningane. Strynefjellstunnelane og E16 Arna-Voss vert nemnt som eksempel. KVU om E16 set 2040 som mål for trygg og påliteleg transport på strekninga Arna-Voss.
Meiner statsråden at vegstandarden på den svært ulukkesbelasta vegstrekninga skal vera som no fram til ein ny vegtrasé er klar?

Begrunnelse

EU sine krav til ei rekkje nye tunnelar krev snarleg oppgradering. Ein snakkar då om oppgraderingar som må skje raskt. Dei tidshorisontane som ligg inne i dagens planverk, ligg langt frå det ein kan tolka som rask oppgradering.

Når det gjeld E16 Arna-Voss som statsråden nemner som eitt av oppgraderingsprosjekta som kan verta stoppa, har det sidan vegen vart opna i 1991 omkomme 57 menneske, og 148 er blitt alvorleg skadd. Vegstrekninga vert ofte omtalt som "dødsvegen".

I KVU om ny trasé vert det peika på at innan 2040 må minst 50 pst. av vegstrekninga ha mogeleg omkøyring på lokalvegnettet i korridoren for både små og store køyretøy. Det betyr at nåverande trasé vil vera i bruk også etter at ny vegtrasé er teken i bruk.

Med eksisterande og planlagd bygging av hytter i Vosseområdet vil trafikkauken halda fram, også i dei aller nærmaste åra. Viss ikkje planane for nye trasear for tog og jernbane får eit kortare tidsperspektiv enn det som ligg i dagens planverk, vil trafikkauken tvinga fram utbetringar på dagens trasé. Dersom ikkje, vil den dystre ulukkesstatistikken bli enno verre i åra som kjem.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Berre for å ha nemnt det innleiingsvis; eg jobbar etter ein heilt annan tidsplan enn 2040 for strekninga Arna – Voss. Eg er glad for representanten Horvei sitt engasjement for tunneltryggleiken, og er derfor glad for at denne regjeringa allereie har auka løyvingane med om lag 500 millionar kroner for å få gjort endå meir med tunneltryggleiken enn det den førre regjeringa fremja forslag om.

Eg er sjølvsagt innforstått med at tunnelane på E16 mellom Arna og Voss har dårleg standard. Når arbeidet med KVU/KS1 for strekninga Arna – Voss er avslutta, vil regjeringa ta stilling til val av konsept for framtidig utbygging av veg og jernbane mellom Voss og Arna/Bergen. Prioritering av strekninga vil bli vurdert ved neste revisjon av Nasjonal transportplan. Det er derfor ikkje lagt opp til ei omfattande oppgradering av dagens tunnelar i inneverande planperiode.

Av omsyn til tryggleiken må det likevel gjennomførast mindre tiltak i tunnelane, i hovudsak avgrensa til tekniske installasjonar. Ved gjennomføring av tiltaka må det takast omsyn til at dagens tunnelar vil inngå i eit lokalt vegnett dersom det blir bygd ny riksveg mellom Arna og Voss. Som lokalveg vil den også fungere som omkøyringsveg ved hendingar og vedlikehald på riksvegen.

Dette er i samsvar med det Statens vegvesen har lagt til grunn ved utarbeiding av handlingsprogrammet for perioden 2014-2017, som vil bli stadfesta av Statens vegvesen om kort tid. Statens vegvesen opplyser at det også er lagt opp til å gjennomføre nokre skredsikringstiltak på dagens riksveg mellom Voss og Arna i denne planperioden.