Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:364 (2013-2014)
Innlevert: 07.02.2014
Sendt: 07.02.2014
Besvart: 14.02.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er Justis- og beredskapsministeren einig i at det er ei lite heldig forskjellsbehandling mellom jenter og gutar kva gjeld strafferettsleg vern mot omskjering, eller meiner ministeren at ein i dag har eit tilstrekkeleg regelverk i straffelova for dei tilfella der gutar blir skadde eller døyr som følgje av rituell omskjering, og vil ministeren ta initiativ til ei lovendring, i den ikkje iverksette straffelova av 2005, til også å gjelde gutar?

Begrunnelse

Kjønnslemlestingslova § 1 heimlar forbod mot inngrep i kvinners kjønnsorgan. Heimelen har ei strafferamme på inntil fire år, åtte år ved skjerpande omstende, og inntil ti år ved betydeleg skade eller dødsfall. I straffelova av 2005 er kjønnslemlesting innteke i § 284 med strafferamme på seks år, og ved grov kjønnslemlesting femten års fengsel, jf. § 285. Dette er bestemmelsar som berre beskyttar jenter.
Rituell omskjering av gutar og eit eventuelt forbod mot denne praksisen blir diskutert stadig oftare både i Noreg og i andre land. Det handlar om å gje same rettsvern til gutar som til jenter. Det handlar om retten til å bestemme over eigen kropp, retten til å bli verna mot unødvendige inngrep som gir varig endring på funksjonen til kjønnsorgana, og retten til å bli verna mot potensiell skade og død som følgje av omskjering.
Helseministeren har varsla at ei sak om rituell omskjering av gutar kan koma til Stortinget frå Regjeringa før påske i år. Det er grunn til å tru at helseministeren vil gjera framlegg om at rituell omskjering av gutar berre skal skje i spesialisthelsetenesta.
For jenter er det innført forbod mot all form for omskjering, og straffereaksjonar for å bryte lova er fengselsstraff med ei strafferamme frå fire år til ti år. Det er vel dokumentert at også gutar kan bli alvorleg skadde og døy som følgje av omskjering, sjølv om det hender langt sjeldnare enn ved omskjering av jenter. Det har skjedd dødsfall i Noreg dei siste par åra, og i USA er det estimert at om lag 100 smågutar døyr kvart år etter inngrepet. Dyktige barnekirurgar i Noreg påpeiker at komplikasjonar også kan oppstå som om det er kvalifisert personell som utførar omskjeringa, mellom anna fordi det alltid vil vera risiko for infeksjonar.
Inngrepet medfører store smerter og gir varige endingar i funksjonen til kjønnsorgana. Skikken er ei krenking av religionsfriheita til ungane fordi omskjering er ein irreversibel religiøs markør. Alt dette talar for at det bør vera ei aldersgrense på 18 år for rituell omskjering av gutar, slik at ein ved myndigheitsalder kan velje sjølv.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Jeg vil vise til det som fremgikk av helse- omsorgsministerens svar i ordinær spørretime 5. februar 2014 på spørsmål fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp).
Som det fremgår av representanten Klinges spørsmål er kjønnslemlestelse av jenter forbudt i Norge. Rituell omskjæring av gutter er ikke særskilt regulert i Norge, og vil dermed være tillatt med mindre inngrepet skjer i strid med straffelovgivningen.
Jeg viser også til at helse- og omsorgsministeren i sitt svar opplyste at det tas sikte på å fremlegge en lovproposisjon for Stortinget før påske hvor det vil bli foreslått regulering av rituell omskjæring av gutter.
Spørsmålet om straffebestemmelser vil da være et tema som tas opp i lovproposisjonen.