Kjersti Toppe (Sp): Samhandlingsreforma hadde som premiss at kommunehelsetenesta skulle styrkast. Stortingsmelding 13 om velferdsutdanningane hadde som mål at studentar i større grad enn no, blir utplassert i kommunehelsetenesta for å få relevant praksis. Helseføretaka får i dag dekka sine kostnader knytt til undervisning av studentar i sjukehus. Det same gjeld ikkje for praksis og undervisning i kommunehelsetenesta.
Vil statsråden sikre at universiteta/kommunane får dekka sine kostnader til praksisplassar i kommunehelsetenesta?
Begrunnelse
Med Samhandlingsreforma la ein til grunn at fleire legar , sjukepleiarar og anna helsepersonell i framtida skulle arbeide i kommunehelsetenesta. For å få dette til er det nødvendig med ei større orientering mot kommunehelsetenesta i utdanningane. Dette vart tatt opp som eit viktig mål i Stortingsmelding 13 om Velferdsutdanningane. Både for å sikre kompetansen, men og for å sikre rekruttering til denne delen av helsetenesta, der ein antar at behova blir store i åra framover.
Om det skal komme fleire praksisplassar i kommunehelsetenesta, må kommunane og dei som jobbar i helsetenesta, kunne ta i mot og drive undervisning. Desentralisert utplassering og undervisning av studentar er arbeidskrevjande og har ein kostnad.
Helseføretaka har fått definert sine kostnader til undervisning i helseføretaka, men det er ikkje tilsvarande definisjon rundt kostnader til praksisplassar og utdanning i kommunehelsetenesta. Kostander til dette må universiteta dekke gjennom sine ordinære midlar over eige budsjett.
Underteikna er gjort kjent med at Helse Vest fekk omlag 150 millionar kroner frå HOD i 2012 for å dekke kostnader knytt til undervisning av studentar på sjukehus. Institutt for samfunnsmedisin ved UiB allokerer årleg 3,5 millionar kroner frå eige budsjett for å sørgje for 4 vekers utplassering av legestudentar i kommunehelsetenesta sjette studieår.
Utplassering i kommunehelsetenesta blir sett på som " valfri", og er ei økonomisk belastning for universiteta, medan utplassering i sjukehus er økonomisk sikra og ein fast del av utdanninga av legestudentar. Dette synes urimelig sett opp mot intensjonen i både Samhandlingsreforma og stortingsmeldinga om velferdsutdanningane.
For å få til ei vriding av utdanningane i tråd med Stortinget sine ambisjonar, må betre økonomiske ordningar kome på plass for å sikre meir praksis i kommunane. Universitet og kommunar må få finansiert undervisning knytt til studentpraksis i fastlegepraksis, sjukeheim, heimetenester, helsestasjon- og skulehelseteneste osv. Målet må vere å få finansielle ordningar som legg til rette for å bruke kommunane som utdanningsarena.