Hadia Tajik (A): Heilt konkret, kva støtte fekk justisministeren frå sikkerheits- og beredskapselementet på Statsministerens Kontor, då det brann i Lærdal og Flatanger nyleg?
Begrunnelse
På Morgenytt på NRK1 07.02.14 understreka statssekretær Hans Røsjorde, på vegner av justisministeren, at Justisdepartementet får støtte frå det nye sikkerheits- og beredskapselementet på Statsministerens kontor i krisesituasjonar. Han peika sjølv på dei krisene me har hatt i seinare tid, og då er det naturleg å leggje til grunn at han sikta til mellom anna brannane i Lærdal og Flatanger. Både på Morgennytt og på politisk kvarter på NRK P2 same dag, utrykka han at denne nyvinninga var god. Røsjordet understreka og at det støtt var justisministeren som hadde makta og ansvaret, sjølv om sikkerheits- og beredskapselementet på Statsministerens kontor har fleire av dei same oppgåvene.
Justisministeren fekk høve til å svare på dette i spontanspørretimen i dag. Han nytta ikkje det høve. Oifor får han ein ny moglegheit til å forklare kva den "solide støtta" hans departement meiner at elementet på Statsministerens kontor er for Justisdepartementet.