Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:385 (2013-2014)
Innlevert: 12.02.2014
Sendt: 13.02.2014
Besvart: 20.02.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Vil statsråden ved ny anbodsutlysing på riksvegferjestrekningane på E39 mellom Stavanger og Bergen stilla krav om auka kapasitet og frekvens, og at det i anboda vert krav om tilgang på trådlaust internett for dei reisande?

Begrunnelse

MEDAN ME VENTAR PÅ ROGFAST OG HORDFAST

Ferjestrekningane på E39 mellom Stavanger og Bergen har stor trafikkauke. I desember var auken på 6 prosent på sambandet Halhjem-Sandvikvåg og 10 prosent på Arsvågen- Mortavika. Den sterke veksten skuldast m.a. at Trekantsambandet har blitt gratis og opninga av T- forbindelsen. Totalt for 2013 var auken på køyretøy i desse sambanda 3,6 prosent, og dagens kapasitet er under sterkt og aukande press. Kontrahering av ei ny ferje til sambanda i kombinasjon med 20 minuttars avgangar i Rogaland og 30 minuttars avgang ar i Hordaland i tidsromet frå kl 06 til kl 01 ser ut til å kunna løysa problema fram til fastlandssambanda er realiserte.
Tidlegare var det trålaust internett tilgjengeleg for dei reisande på desse ferjene. Sjølv om tilbodet ikkje var av det mest stabile slaget reint teknisk, så var dette noko dei reisande sette stor pris på, og når det no er stengt ned av Fjord 1, så hadde det vore bra om også dette vart teke inn som krav til anbydarane.
Sjølv om målet og planen er å gjera desse sambanda ferjefrie, vil det ennå gå ei tid der ferjene er ein viktig del av det å ferdast på kyststamvegen E39 mellom Bergen og Stavanger.
Difor må reisa gjerast så føreseieleg og saumlaus som mogleg. Billetteringa på land kan verka forstyrrande i så måte, og det er også å håpa at departementet så raskt som mogleg følgjer opp føringane i nasjonal transportplan på å innføra Autopass som betalingsmåte på riksvegferjene.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Noverande konsesjonsperiode for riksvegferjestrekningane på E39 mellom Stavanger og Bergen går ut 31. desember 2016. Statens vegvesen er derfor i gang med å greie ut kva krav som skal stillast til kapasitet og frekvens på desse strekningane. Til hjelp i dette arbeidet vert det utarbeidd grundige trafikkanalysar og -prognosar. Med bakgrunn i desse vil dei endelege krava som skal sikre tilstrekkeleg kapasitet, bli fastlagde. Dette arbeidet er ikkje avslutta.
Statens vegvesen har til no ikkje kravd at ferjene skal ha tilgang på trådlaust internett for dei reisande, men på fleire ferjer finst dette tilbodet allereie. Om dette skal vere eit krav i samband med anbodsutlysinga, vil også bli vurdert av Statens vegvesen.