Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:431 (2013-2014)
Innlevert: 20.02.2014
Sendt: 21.02.2014
Besvart: 04.03.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden arbeide for at private miljø i større grad vert brukte ved prosjektering av større bruprosjekt, til dømes i arbeidet med fergefri E39?

Begrunnelse

Statens Vegvesen ved bruseksjonen i Vegdirektoratet driv i dag vidtfemnande grad av eigenprosjektering av nye bruer på riksvegnettet. Seksjonen har spesialisert seg på hengebruer.
Venstre er uroa for at statens eige forvaltningsorgan, Statens Vegvesen, både er premissgjevar, utførande fagmiljø og har avgjerslemynde for utvikling av bruer med tilhøyrande val av teknologi i det norske vegnettet. Vi er kjende med at det både i Sverige og Danmark vert nytta fleire ulike miljø, og konsentrasjonen av makt og mynde er mindre. Dette kan vere medverkande til at det i desse landa er lågare kostnadsnivå, høgare framdrift og større teknologiutvikling ved realisering av bruprosjekt.
Tidlegare sentrale personar i Statens Vegvesen uttalar i Aftenposten 6. februar at dagens system har store veikskapar, og tilrår at alle større prosjekteringar vert sett ut til private aktørar. I "Byggeindustrien" nr 1/2014 sler private aktørar i næringa alarm om Statens Vegvesen sin praksis med prosjektering av store bruprosjekt i eigne regi. Det vert peikt på at Statens Vegvesen si omfattande eigenprosjektering er i ferd med å utarme dei private kompetansemiljøa i Noreg, noko som svekkar konkurranseevena internasjonalt i tillegg til å bremse teknologiutvikling og prosjektframdrift på det norske vegnettet.
Vi er kjende med at det er fleire dyktige bruingeniørmiljø i Noreg som kan og vil konkurrere internasjonalt, jf. t.d. artikkelen "Vil bygge flytebruer med midtfjords skipspassasje" på e24.no 18. februar. Det går for tida føre seg ei rivande teknologiutvikling på området, der det mellom anna er mogleg å redusere kostnadane ved fjordkryssingar kraftig ved å byggje flytebruer med konsept frå maritim- og offshorenæringa, framfor å byggje tradisjonelle hengebruer slik desse vert eigenprosjektert av Statens Vegvesen.
Det er etter vårt syn problematisk at alle kostnadsanslag i KVU-arbeid frå Statens Vegvesen på E39 i dag tek utgangspunkt i kostnadane ved eigenutvikla bruteknologi, slik at potensielle innsparingar ved å nytte andre typar teknologi ikkje kjem fram i modellane som per i dag ligg til grunn for politiske avgjersler.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg vil understreka at prosjekteringa av dei fleste store bruprosjekt i dag skjer gjennom private rådgjevingsfirma. Dette vil også vere situasjonen i framtida. Som byggherre og infrastruktureigar har likevel Statens vegvesen behov for å oppretthalde og utvikle den brufaglege kompetansen i etaten. Forvaltning og vidareutvikling av eit komplisert bruteknisk regelverk gjer det nødvendig å ha spisskompetanse i eigne rekker. Dette blir mellom anna sikra ved at nokre bruer blir valde ut for prosjektering i eigenregi.
Årleg blir det planlagt og prosjektert over 300 bruer og andre berande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet i Noreg. Sidan 2006 har Bruseksjonen i Vegdirektoratet prosjektert 8 større brukonstruksjonar av ulik type og material, mellom anna Hardangerbrua og Dalsfjorbrua. Dei seinare åra har Statens vegvesen brukt om lag 5-6 årsverk til prosjektering av ulike brutypar, noko som er ein svært liten del av det totale volumet.
Statens vegvesen kjenner ikkje til dokumentasjon på lågare kostnadsnivå, betre framdrift og større teknologiutvikling ved realisering av bruprosjekt i Sverige og Danmark. Vi kan heller ikkje forstå påstanden om at den internasjonale konkurranseevna er svekka. Eg vil mellom anna vise til at det var eit norsk firma som vann oppdraget om prosjektering av den største hengebrua i Sør-Amerika, jf. artikkel om Chacao Bridge og tilsvar frå Vegdirektoratet i same nummer av Byggeindustrien som representanten Rotevatn viser til.
I 2014 er prosjekteringsoppdrag på større brukonstruksjonar fordelt på fleire konsulentfirma:

- E6 Harpe bru i Gudbrandsdalen er prosjektert av Johs. Holt AS
- E18 Farrisbrua ved Larvik er prosjektert av Rambøll
- Hålogalandsbrua på E6 ved Narvik prosjektert av Cowi AS
- E6 Lågen bru i Gudbrandsdalen er prosjektert av Reinertsen AS

I tillegg blir konsulentbransjen i vesentleg grad involvert i arbeidet med forprosjekt for ny Sotrabru på rv 555 i Hordaland (Rambøll) og konseptvalutgreiing for kryssing av Oslofjorden (Rambøll og Sweco).
Statens vegvesen har i samarbeid med konsulentbransjen vurdert aktuelle løysingar for fjordkryssingane på E39. Det er vidare gjennomført fleire konseptvalutgreiingar der konsulentbransjen også har delteke i arbeidet.
Eg kan lova at ferjefri E39 vil innebere eit stort løft for brukompetansen i heile Noreg. Det meste av prosjekteringsarbeidet vil bli utført i privat regi, i samarbeid mellom Statens vegvesen, rådgjevingsfirma og entreprenørmarknaden.