Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:465 (2013-2014)
Innlevert: 27.02.2014
Sendt: 27.02.2014
Besvart: 05.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Då sjefen for e-tjenesta la fram vurderinga av trusselsituasjonen, peikte han på fleire moglege truslar. Det kjem no fleire såkalte «Syria-fararar» heim til Noreg. Fleire av desse har delteke i krigshandlingar i Syria, og kan såleis ha delteke i straffbare handlingar.
Vil ministeren i revidert nasjonalbudsjett som følgje av denne situasjonen styrke PST og politiet for å gjera dei betre i stand til å etterforske desse kompliserte sakene, og evt. iretteføre dei, for å oppnå ein allmennpreventiv effekt?

Begrunnelse

Av utgreiinga til etterretningssjefen framkom det at 40-50 personar har reist frå Noreg til Syria for å ta del i krigshandlingar. Dette er svært alvorleg. Handlingar dei har delteke i kan vera straffbare, og det viktig at politi og påtalemakt blir sett i stand til å kunne handsame desse sakene dersom det skulle vise seg å vera grunnlag for å reise straffesak.
Dette er saker som vil vera krevjande å etterforske, men samtidig vil det av allmennpreventive grunnar være viktig at eventuelt straffbare forhold blir påtalt. Dette handlar om ressursar. Då er det interessant å høyre om justisministeren har vurdert moglegheita og behovet for å styrkje aktuelle einingar i revidert budsjett.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Justis – og beredskapsdepartementet ser alvorleg på situasjonen. Vi har jevnlig kontakt med PST og POD om ressurssituasjon. Trongen for eventuelle ekstraløyvingar vert vurdert i samband med den ordinære budsjettprosessen.
PST prioriterar denne type saker høgt.