Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:467 (2013-2014)
Innlevert: 27.02.2014
Sendt: 27.02.2014
Besvart: 05.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Hjå nrk.no i går sa justisministeren at PST sin komande trusselvurdering vil ta inn over seg vurderingane til E-tenesta og NSM, men at dette kjem til å verte gjort på ei annleis måte enn i fjor.
Kva konkret er det dei gjer annleis no og kvifor?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: PST, E-tenesta og NSM gjorde 18. februar 2013 kjent ei open og samordna vurdering, kalla «Trusler og sårbarheter». Denne var eit sams produkt frå dei tre tenestene. Hensikta med skriftstykket var å gje private aktørar og offentleg mynde eit grunnlag for å handtere handlingar som er tilsikta og uønska. Føremålet med vurderinga var å gje ein heilskapleg og systematisk skildring av risiko- og trusselbiletet i det mon det var metodemessig grunnlag for det.
PST, E-tenesta og NSM meinte at den nemnte vurderinga, mangla den naudsynte heilskapen i situasjonar som kan utgjere eit trugsmål mot samfunnet. For å bøte på dette, ønska difor tenestene å gje ut sine eigne opne vurderingar innafor sine ansvarsområde. Medan hensikta var at den samordna vurderinga skulle erstatte dei tre tidlegare vurderingane, fekk vi i 2013 fire ulike ugraderte vurderingar.
Det var ei rekkje grunnar til at dei tre tenestene rekna det leverte produktet for mindre dekkande for heilskapen. Dei tema som står i E-tenesta si opne vurdering handlar mellom anna i stor grad om tema som ikkje har betyding for den samordna vurderinga av dei trugsmål som er skildra i det sameinte produktet frå dei ulike tenestene. Tilsvarande gjeld òg for NSM si skildring, som i stor grad knyt seg til fortidige hendingar som har funne stad. Den gjev i stor grad risikovurderingar knytt til fortidige hendingar (unnteke cyberområdet), og gjev ikkje ei vurdering av trugsmål på grunnlag av prognosar for framtida.
I 2014 vil PST si nasjonale vurdering av trugsmål vere laga på grunnlag av innspel og vurderingar frå andre, og då særleg E-teneste og NSM. Dette for å stette dei behov som la grunnlaget for ei fellesvurdering, slik at det vert gjeve eit heilskapleg oversyn over det nasjonale trusselbiletet på samfunnstryggleiken sitt område.