Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:492 (2013-2014)
Innlevert: 04.03.2014
Sendt: 05.03.2014
Besvart: 13.03.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Korleis vurderer samferdslesministeren at openheita om trafikktala til NSB på ulike togstreknigar bør vera, og vil eventuelt ministeren ta initiativ overfor NSB slik at trafikktala for togstrekninga Bergen-Arna kan offentleggjerast?

Begrunnelse

NSB sine taloversikter over reisande på togstrekningar i heile landet er viktig for transportplanlegginga og for å utvikla eit best mogleg togtilbod. Eg er gjennom media blitt kjent med at NSB no seier nei til å offentleggjera tala for reisande på togstrekninga Bergen-Arna, mellom anna av omsyn konkurransesituasjonen. Saka er omtala på nettsidene til avisa Bygdanytt 4. mars 2014.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Staten v/Samferdselsdepartementet har ein 6-årig trafikkavtale med NSB. Den regulerer dei fleste forholda mellom partane, mellom anna kva slags rapporteringskrav som gjeld. I Bilag B til avtalen går det fram at NSB skal rapportere talet på reiser for alle togprodukt kvart tertial innan gitte fristar. Dette gjeld mellom anna for nærtrafikken Bergen-Arna og Bergen-Voss. Samferdselsdepartementet gir innsyn i desse rapportane på førespurnad, med unntak av informasjon som det kan gjerast unntak for med heimel i forvaltningslova § 13. Generelt meiner Samferdselsdepartementet at tal for reisande som nyttar eit togprodukt, ikkje er konkurransesensitiv informasjon.
Samferdselsdepartementet er oppteken av openheit om kva offentlege midlar til kjøp av persontransport med tog gir av resultat i form av mellom anna tal på reisande. Såframt opplysningar om tal på reisande er tilstrekkeleg kvalitetssikra, og departementet får kopi, har departementet ingen innvendingar mot at NSB oppgir tala eksternt før dei blir tertialrapporterte til departementet.
Samferdselsdepartementet er klageorgan i klagesaker om NSB sine vurderingar etter offentleglova. Det er derfor ikkje mogeleg for meg som samferdselsminister å kommentera den konkrete saka om innsyn i trafikktala Bergen-Arna.