Ingrid Heggø (A): Det vart gjeve dispensasjon frå deltagerlova til Nergård og Aker Seafoods - nå Havfisk mot inngåelse av leveringsplikt. Det står i fleire mediar at delar/heile konsesjonane er vidareselt. Etter det eg kjenner til skal departementet godkjenne slike sal også viss det er delsal.
Kan statsråden gje ein oversikt over gjennomførte sal og om forpliktelsane følgjer med salget?
Begrunnelse
I henhold til deltagerlova er det berre aktive fiskarar som har adgang til å disponere fiskekvoter. Det er imidlertid gjeve unntak frå deltagerlova til to industriselskap Nergård og Aker Seafoods-nå Havfisk. Desse selskapa får disponere trålkvoter, men er til gjengjeld omfatta av leveringsplikt for fisken til nærmare bestemde lokalsamfunn. Det vert omtalt i media at delar av konsesjon eller heile er vidaresendt i enkelte høve. Difor ber eg om ei oversikt over gjennomførde sal, også delsal og om kva som har skjedd med forpliktelsane.