Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:513 (2013-2014)
Innlevert: 07.03.2014
Sendt: 10.03.2014
Besvart: 17.03.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Fiskeriministeren har uttalt at Røkke skal granskast vedrørande om leveringsforpliktelsane er oppfulgt eller ikkje.
Sidan det er to industriselskap som har fått dispensasjon frå deltagerlova, så ønsker eg å få rede på om denne granskinga opp imot oppfulgt leveringsplikt også omfattar Nergård?

Begrunnelse

Fiskeriministeren har uttalt at Røkke skal granskast vedrørande om leveringsforpliktelsane er oppfulgt eller ikkje. Det var to industriselskap som fekk dispensasjon difor ønsker eg å få ei stadfesting på om denne granskinga også omfattar Nergård. Det er også aktuelt viss delar eller heile konsesjonar er vidareselt og leveringsforpliktelsane følger med å få ei oversikt over om desse vert overholdt eller ikkje.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Det er slik stortingsrepresentant Ingrid Heggø skriv, to industriselskap som har fått dispensasjon frå deltagerlova, Nergård AS og Havfisk ASA.

Leveringsvilkår betyr for fartøyeigar at 80 prosent av fartøyet sin fangst av torsk og 60 prosent av fartøyet sin fangst av hyse må tilbydas i tråd med leveringsvilkåret. Fangsten kan leverast fersk eller fryst. Slik har forskrifta sin regel vore sidan den kom i 2003.

Som eg tidlegare har uttala vil Regjeringa sjå til at leveringsvilkåra blir etterlevde. Det gjeld alle fartøy med leveringsvilkår, både fartøy som er eigd av industrien og fartøy eigd av aktive fiskarar. Det vil seie at også fartøy eigd av Nergård AS blir kontrollerte.

Fiskeridirektoratet kontrollerer kvart år gjennomføringa av leveringspliktordninga. Kontrollen gjeld sjølvsagt alle fartøy som har leveringsvilkår knytt til sine torsketrålkonsesjonar. Kontrollane som Fiskeridirektoratet har gjort etter at forskrift om leveringsplikt blei vedteke, viser at leveringsvilkåra i all hovudsak blir overhaldne.

Eg har bedt Fiskeridirektoratet om å få oversendt kontrollane, og i tillegg har eg bedt direktoratet utarbeide ei oversikt over kor stort kvantum og kor stor del av leveringspliktig fangst som faktisk er levert til tilgodesette anlegg og regionar.

Påstanden om at eg granskar Røkke er media sin presentasjon. Eg har ikkje uttalt at dette handlar om gransking eller at det er knytt til enkeltpersonar. Det er oppfylling av leveringsforpliktelsane i tidsromet 2006 og fram til no for fartøy med leveringsforpliktelsar som eg har bedt Fiskeridirektoratet gjere greie for korleis har blitt oppfylt.