Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Fleire norske nyutdanna sjukepleiarar med utdanning frå Australia melder om at dei ikkje får norsk autorisasjon på tross av at utdanninga er godkjent for lån/stipend i Statens Lånekasse. Det vert også meldt om at det er ulik handsaming på autorisasjonssøknaden.
Kan statsråden ta initiativ til at regelverket for sjukepleiarutdanning frå utlandet vert vurdert på ny slik at ein sikrer lik handsaming, og at dei som ynskjer å studere i utlandet veit om utdanninga er god nok for norsk autorisasjon?
Begrunnelse
Fleire og fleire ungdomar vel å ta si utdanning i utlandet. Dette gjeld også innafor helsefag. Australia er eit land som mange vel å studere i, då landet har eit godt og velfungerande helsevesen, og legg stor vekt på kvalitet og kompetanse i helsefaga. Mellom anna er fleire universitet kjent for sine fag som "Communication in Nursing Practise". Fleire av desse universiteta som gjev tilbod om sjukepleiarutdanning er godkjente for lån/stipend i lånekassen. Ungdomane har også fått lovnader om at utdanninga blir godkjent i Norge på det grunnlaget.
Diverre melder fleire om at når dei kjem tilbake til Norge etter end utdanning – 3-årig sjukepleiarutdanning og ytterlegare spesialisering, og skal søkje om norsk autorisasjon, så får dei avslag. Avslaget går på at utdanninga ikkje er god nok, at den ikkje er jevngod med den norske. Andre melder om at dei får utdanninga godkjent utan problem, men at det kjem an på kven som er sakshandsamar for søknaden.
Sakshandsamingstida er svært lang, fleire månader, nokre melder om fleire år før dei har fått eit svar og då etter ei lang klagehandsaming, og i mens går desse nyutdanna sjukepleiarane som pleieassistentar på sjukehus og sjukeheimar utan å kunne bruke sin kompetanse der den så sårt trengs.
Det vert difor uforståeleg at Statens autorisasjonskontor ikkje kan godkjenne desse sjukepleiarane, dvs. at nokre får sin autorisasjon, andre får det ikkje. Det verkar tilfeldig korleis søknaden vert vurdert og dette på tross av at Lånekassen fullt ut gjev både lån/stipend til utdanninga.
Norske utdanningsinstitusjoner som bla Høgskulen i Bergen har utveksling med Australia i 2.utdanningsår ved Queensland University of Technology (QUT). HIB har kvalitetssikra studiet og anser det som likeverdig med det norske. Ungdomar som har tatt si utdanning ved QUT opplever at Statens autorisasjonskontor avviser utdanninga med grunnlag at den ikkje er god nok. Også Høgskulen i Østfold har ei slik utveksling og viser til gode erfaringar der. Det som autorasjonskontoret foretar seg er difor uforståeleg, og praksisen heng ikkje i hop med det studentane har fått informasjon om.
Vi veit at det er mangel på sjukepleiefagleg kompetanse i Norge, og mangelen på helsepersonell vil vere aukande i åra som kjem. Det er difor viktig å oppmode unge til å ta helsefagleg høgare utdanning, og om denne skjer i utlandet gjennom anerkjente universitet, så bør det vere forusigbarhet i å få autorisasjon ved fullført og bestått utdanning.
Når ungdom søkjer råd ved Lånekassen om godkjente utdanningsinstitusjoner i utlandet, så bør det også samsvara med den norske praksisen ved Statens autorisasjonskontor. Ein må ikkje her tale med to tunger og villeie ungdomane til å ta ei utdanning gjennom fleire år, og som ikkje er verdt noko når ein kjem heim att.
Eg håper statsråden kan ta initiativ til å gå igjennom dette regelverket slik at det er forutsigbart og at det samsvarer med informasjonen og opplysningar om godkjente institusjonar, og at det ikkje kjem an på kven som er sakshandsamar på statens autorisasjonskontor.