Jenny Klinge (Sp): Den 1. februar 2013 vart ordninga om såkalla «omvendt valdsalarm» innført.
Kan ministeren svara på korleis ordninga har fungert, og om dette tvangsmidlet har vorte forsøkt nytta av påtalemakta?
Begrunnelse
"Omvendt valdsalarm" er eit viktig verkemiddel i kampen mot vald i nære relasjonar. Det har kome fram opplysningar om at ordninga ikkje har vorte teken i bruk. Det er viktig at ein avdekkjer årsaka til dette. Formålet med ordninga var jo at ein skulle påføre den sikta byrden ved å nytte alarm, for med det klårt å plassere ansvaret for å unngå nye valdsepisodar på vedkomande i staden for på den fornærma.