Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:537 (2013-2014)
Innlevert: 14.03.2014
Sendt: 14.03.2014
Besvart: 20.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Har justisministeren planer om å følgje opp St.meld. nr. 26 (2008-2009) "Om offentleg rettshjelp", og viss ja, kor står arbeidet og viss nei korleis vil justisministeren forbetre den offentlege rettshjelpsordninga?

Begrunnelse

I Innst. S. nr. 341 (2008-2009) ga ein samla justiskomité uttrykk for at det var behov for å reformere rettshjelpstilbodet i Noreg, blant anna for å bekjempe fattigdom og å fremje sosial velferd. Det var vidare semje om at førstelinerettshjelp var eit godt bidrag for å betre rettshjelpsordninga, fordi det sikrar tilgjenge for folk og breidde i saksområda.
Komiteens medlemmar frå Framstegspartiet gjorde i innstillinga framlegg til Regjeringa om å vurdere ein modell for rettshjelp utan å krevje eigenandel, samt å ta utgangspunkt i ein nettomodell og ikkje basere ordninga på bruttoinntekt. Vidare ønskte FrP at det på nytt vart vurdert å innføre den finske modellen for rettshjelp i Noreg.
Representantane framheva i samband med den finske ordninga at rettshjelpa bør bli gjeve etter kor mykje den enkelte treng det, og ikkje etter ei rigid inntektsgrense. Vidare gjorde medlemmane frå Høgre og Framstegspartiet framlegg om at alle innsette i Noreg fullt ut skal få ivareteke rettigheitene sine, så lenge den innsette ikkje er frådømt desse.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Eg vil følgje opp Innstilling S. nr. 341 (2008-2009), jfr. St. meld. nr. 26 (2008-2009) for å forbetre den offentlege rettshjelpsordninga. I arbeidet er det planlagt å ha dialog med blant anna Advokatforeningen og Juss-buss. Arbeidet er i startgropa og det er ikkje klart når arbeidet vil vere ferdig, men målet er å sende ut høyringsnotat i 2014.