Skriftlig spørsmål fra Jenny Følling (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:557 (2013-2014)
Innlevert: 19.03.2014
Sendt: 20.03.2014
Besvart: 26.03.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Jenny Følling (Sp)

Spørsmål

Jenny Følling (Sp): Av omsyn til barna sine behov, må det takast naudsynte grep for at Barne og familiesenteret i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland vert oppretthalde.
Vil statsråden ta initiativ til å stoppe prosessen vedrørande nedbygging av foreldre/barntilbodet, og vil Statsråden ta initiativ til å forankre dette tilbodet til den mest sårbare gruppa i lover og forskrifter?

Begrunnelse

Senterpartiet er sterkt uroa over at det statlege barnevernet region Vest vil legge ned tilbodet Sogn og Fjordane Barne- og familiesenterert i Førde. I dag er dette einaste tilbodet i fylket det vanskelegstilte gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år får hjelp og rettleiing i situasjonar der det er stor risiko for at foreldra av ulike årsaker ikkje klarar å ta hand om eigne barn.
Ut i frå det ministeren sjølv har teke til orde for, stiller vi spørsmål ved om nedlegginga strir mot politiske styringssignal, faglege tilrådingar og krav om forsvarlege tenester i nærområdet. Eit allereie pressa barnevernsmiljø vil få ekstra belastning. Døgntilbodet ved barne- og familiesenteret representerer høgt spesialiserte tenester som små og mellomstore kommunar ikkje vil kunne klare å drifte sjølv.
Av omsyn til barna sine behov, ber vi om at det vert tatt naudsynte grep og gjeve økonomisk rom for at barne og familiesentera vert oppretthaldne.
Det ligg klare politiske føringar som er gitt av noverande regjering mellom anna gjennom disponeringsbrevet 2014, og statsråden sitt svar til Stortinget 13. februar i år. Sitat frå disponeringsbrevet 2014:

"Delmål 2.4 Forusigbarhet ved omstilling av ikke-lovpålagde oppgåver
Bufdir skal utvikle lovpålagde oppgåver. Ikke lovpålagde oppgåver skal bare tilbys og finansieres i den utstrekning det følger av instruks eller tildelingsbrev. I den grad måloppnåelse krever omstillinger som fører til reelle endringer i tilbudet til kommunene skal departemetet varsles før iverksetting. Etaten skal i sitt omstillingsarbeid, så langt som mulig ta hensyn til kommunenes ulike forutsetninger for å ivareta nødvendig kompetanse, tiltak og tjenester. Berørte kommuner skal gis anledning til å uttale seg om planlagte endringer i tilbudet til kommunene, og skal varsles i god tid før endringene trer i kraft. Dette for at kommunene skal erfare størst mulig forutsigbarhet i tilbudet til statlig barnevern."

Det kan verke som at Bufetat ikkje har ivaretatt informasjonsplikt to samarbeidsavtaler. Meldinga om at Bufetat vil halvere tilbodet til dei mest sårbare og sentralisere attverande tilbodet til Bergen slo ned som lyn frå klar himmel for dei berørte kommunane.
Bufetat sine eigne kvalitetskrav blir også utforda på samanhengande kvalitetskrav. Ved manglande nærleik mellom dei ulike aktørar i barnevernet, vil dette kvalitetskravet bli utforda. Det er vanskeleg med oppfølging kvar veke av brukarar som er plasserte så langt unna at det tek ein heil dag berre på reise.
Det er ikkje berre Sogn og Fjordane som vert ramma av dei økonomiske innsparingane som BUF-etat Vest gjennomfører. Tilbodet i Stavanger vert lagt ned og tal plassar i Hordaland vert redusert til 6 plassar. Dette rammar den mest sårbare gruppa innan barnevernet.
All forsking på området viser at tidleg innsats gjev berte utviklingstilhøve for barn i risiko. Det er svært urovekkande at Bufetat brått varslar at dei vil legge ned Sogn og Fjordane Barne og familiesenter grunna økonomiske årsaker.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Stortinget har slutta seg til forslaga i Prop. 106 L (2012-2013). Ein konsekvens av dette er at Bufdir nå utviklar dei lovpålagte oppgåvene og at dei oppgåvene som ikkje er lovpålagte blir tilbydd eller finansiert i den grad dei følgjer av instruks eller tildelingsbrev.
Bufdir omstiller sitt tilbod for å nå måla i Prop. 106 L (2012-2013). Ei effektiv ressursutnytting kan i nokre tilfelle bety at tilbod må sentraliserast og relokaliserast. For eksempel føreset utviklinga av eit godt tilbod til dei minste barna eit samarbeid med mange ulike spesialiserte fagmiljø som ein ikkje så lett finn i dei mindre kommunane. Gjennom tildelingsbrevet for 2014 har Bufetat fått tydelege signal om å samarbeide med kommunane i si omstilling av tilbodet. Dette har blitt gjort av etaten.
Opphald i senter for foreldre og barn er eit hjelpetiltak i barnevernet og ikkje eit lovpålagt tiltak som staten skal tilby. Bufetat sitt ansvar er å bistå kommunane med å fordele dei eksisterande plassane i senter for foreldre og barn. Bufetat skal som hovudregel dekke den delen av kommunen sine utgifter som er større enn ei fastsett eigenbetaling.
Eit godt tilbod til dei minste barna og deira familiar er viktig for å kunne gje tidleg hjelp og førebyggje seinare problem. Bufdir har gjort ei vurdering av korleis det faglege innhaldet i eit slik tilbod bør vere. Eg har no bedt Bufdir vurdere dei økonomiske, administrative og juridiske konsekvensane av desse vurderingane. Dette vil også gje eit grunnlag for å sjå på om ein bør lovfeste dette tilbodet.
Før dei venta tilrådingane frå direktoratet kjem, er eg oppteken av at det tilbodet vi har i dag ikkje blir omstilt for fort. Eg er også uroa over om alle kommunane sjølv klarer å gje eit like godt tilbod som det mange senter gjev i dag. Eg har derfor bedt etaten stoppe omstillinga av tilbodet inntil vidare. Det medfører blant anna at Region vest ikkje går vidare med å legge ned dagens tilbod til denne gruppa i sin region.