Skriftlig spørsmål fra Bjørn Erik Hollevik (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:560 (2013-2014)
Innlevert: 20.03.2014
Sendt: 20.03.2014
Besvart: 26.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Bjørn Erik Hollevik (H)

Spørsmål

Bjørn Erik Hollevik (H): Vil justisministeren ta særskilte grep for å sikre helikopterberedskapen langs kysten i påvente av nye redningshelikoptre?

Begrunnelse

Brennpunkts «Utredningshelikopter» dokumenterte i si fulle breidde konsekvensane av seindrektigheit hos den no avgåtte raudgrønne regjeringa. Utgreiingsarbeid som tok altfor lang tid, saman med beslutningsvegring, har gjort til at dei aldrande redningshelikoptra krev betydeleg vedlikehald for å kunne haldast operative.

Eg er svært nøgd med at justisministeren etter få månader i departementet, har signert kjøp av nye redningshelikopter. Det som skaper uro frametter kysten, er at medan ein ventar på at helikoptra vert leverte, vert beredskapen med dei over 40 år gamle maskinene, svekka. Justispolitisk talsmann for FRP, Jan Arild Ellingsen, har uttalt at ein må kraftsamle maskinene på færre basar, og vurdere å kjøpe beredskapskapasitet i den private marknaden, fram til nye helikopter er på plass. Parallelt med dette, vart det peika på at redningshelikoptera må unngå å ta på seg ambulanseoppdrag. Til det siste må ein merke seg at mange oppdrag som i utgangspunktet er reine ambulanseoppdrag fort vert redningsoppdrag som krev større maskinkraft og betre utstyr, grunna vær og vanskeleg tilgjengelege områder. Florø har, som einaste helikopterredningsbase, berre eitt helikopter, og basen er organisert som eit detasjement. Eg er svært nøgd med at statssekretær i Justisdepartementet med ansvar for beredskap, Hans Røssjorde, har slått fast at Florø vil få to faste helikopter når dei nye maskinene er på plass. Men kraftsamling av redningshelikoptra til færre basar medan ein ventar på nye maskiner, vil gjere det store området denne basen dekker, mellom Sola og Ørland, svært utsett.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Det er ei målsetjing for Regjeringa at beredskapen skal vere god fram til dei nye helikoptera er på plass, også for dei som ferdast langs kysten. Trass i ein utfordrande driftssituasjon er tilgjengelegheitsgraden og responstida høg over heile landet. Tal frå 330-skvadronen i Forsvaret viser at beredskapen i 2013 var på 98.3 %, om lag på same nivå som året før.

Det er kjent at det er utfordringar på vedlikehaldssida for Sea King. Det er difor sett i verk ei rekkje tiltak for modifisering og vedlikehald av Sea King-flåten. Tiltaka skal medverke til å sikre at beredskapen er på eit redningsfagleg forsvarleg nivå fram til dei nye helikoptera er fasa inn i 2020. Tiltaka omfattar i første rekkje oppbygging av lager med reservedelar og komponentar, utskifting av aldringsutsette delar, og ei viss modernisering av helikoptera for betre å harmonisere med teknologisk utvikling og nye krav.

I tillegg til kjende utfordringar, kan uventa hendingar sette helikopter ut av drift i kortare eller lengre periodar. Når Sea King ikkje er tilgjengeleg , vert andre ressursar som Hovedredningssentralen har til disposisjon, sett inn, også sivile ressursar. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer situasjonen fortløpande saman med Forsvaret, for å vurdere om det er naudsynt med fleire særskilte tiltak for å oppretthalde beredskapen på eit godt nivå fram til 2020.