Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:570 (2013-2014)
Innlevert: 21.03.2014
Sendt: 24.03.2014
Besvart: 28.03.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Helsedirektoratet lyste i 2013 ut tilskot til styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta i kommunane på bakgrunn i bl.a. satsing på folkehelse.
Dette blei godt motteke og kommunar som fekk tilskot satte i gong prosjekter. No melder fleire om at helsedirektoratet ikkje lyser ut midlar for 2014, men omfordeler midlane til å gjelde helsestasjon på vidaregåande skule.
Kan statsråden gjere noko for å sikre at prosjekta som er igangsatt i 2013 også kan få midlar i 2014 for å vidareføre eit sårt tiltrengt tiltak?

Begrunnelse

Når helsedirektoratet i 2013 lyste ut prosjektmidler til styring av helsestasjons tilbodet og skulehelsetenesta i kommunane, så blei dette godt motteke. Tilskotet har også vore lyst ut tidlegare. Midlane hadde si bakgrunn i bla ei større satsing på folkehelsa. Ein av dei kommunane som fekk midlar i 2013 er Meland kommune i Hordaland. Dei fekk 400.000 til prosjektet « helsestasjon i eit folkehelseperspektiv «. For desse midlane blei det tilsatt helsesøster, og denne kommunen har utarbeida eit godt kunnskapsdokument innan folkehelse.

No svarer helsedirektoratet at det i 2014 ikkje lenger er midlar til denne styrkinga, men at der er midlar til ei satsing i den vidaregåande skule. Dette er såleis beklageleg. Når kommunane legg opp til å få i gong gode prosjekt, så treng ein ofte meir enn eitt år, og ein treng forutsigbarhet. Det er trist at ein kun får tilskot eitt år, når signalene har vore at dette skal fortsetje. Meland kommune som også er ein Robek kommune risikerer nå at prosjektet/tenesta må avviklast pga. bortfall av desse prosjektmidlene.

Eg vonar statsråden kan sjå nærare på kva verkemidler helsedirektoratet har til dei kommunane som nettopp har satt i gong prosjekter utifrå tilskotsmidler til det føremålet slik at prosjekta som er iverksatt i alle fall kan få midlar til ut prosjektperioden.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Det er eit mål for denne regjeringa å styrke dei førebyggjande tenestene til barn og unge i kommunane, og vi har sagt i regjeringserklæringa at vi vil betre skulehelsetenesta og helsestasjonstenesta. Mykje tydar på at tenesta i mange kommunar ikkje fungerer slik ho bør. Mellom anna peikar ein rapport frå Helsetilsynet på manglande planlegging og styring av tenesta. At tenesta ikkje fungerer som ho bør, er bekymringsfullt, og det vil vi gjere noko med. Eit viktig virkemiddel er ei god finansiering av tenesta, men faglege retningsliner og ei god organisering av tenesta er vel så viktige virkemiddel for å nå måla om god helse hjå barn og unge i befolkninga.

Tilskotet til helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit oppstartstilskot og ikkje eit driftstilskot. Dette gjeld uavhengig av endringa i tilskotsregelverket, og kommunar som mottok tilskot i 2013 ville uansett ikkje ha motteke tilskot for 2014 for det same prosjektet.

Regjeringa har valt å vidareføre satsinga frå den førre regjeringa på 180 mill. kroner i rammetilskotet til kommunane tiltenkt helsestasjons- og skulehelsetenesta. For 2014 er det i tillegg satt av 16 mill. kroner i ei tilskotsordning som skal rettast inn mot ei styrking av skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen med fokus på der det er særlege levekårsutfordringar. 4 mill. kroner skal prioriterast til områdesatsinga i Oslo indre øst til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta i dette området. Det er opp til den enkelte kommune å syte for at helsestasjons- og skulehelsetenesta er tilstrekkeleg dimensjonert med omsyn til behovet i kommunen. Dei 180 millionane til kommunane er såleis eit viktig tilskot for å møte dette kravet.

Vi har varsla at vi skal fremme ei melding til Stortinget om framtidas primærhelseteneste. Eit viktig tema i denne meldinga vil være gode primærhelsetenester til barn og unge. I tillegg jobbar Helsedirektoratet med ei revidering av retningslinene for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av våren 2015. Meldinga til Stortinget og retningslinjene vil peike ut retning og seie kva vi kan og skal forvente av denne tenesta i åra framover.