Liv Signe Navarsete (Sp): I fylgje lovavdelinga i Justisdepartementet ser ein i samband med ei eventuell implementering av EUs prosedyreforordning i norsk rett, klare likheitstrekk med det overføring av mynde som skjedde ved inngåinga av EØS-avtalen, og som gjorde det naudsynt å nytte § 93 den gongen.
Er statsråden einig i denne vurderinga, og vil regjeringa fremje forslag om bruk av § 93 i denne saka?
Begrunnelse
Fornyings-, administrasjons-, og kirkedepartementet (FAD) ba i september 2013 lovavdelinga i Justisdepartementet om ei konstitusjonell vurdering av EUs prosedyreforordning (forordning 734/2013), I fylgje uttalen frå lovavdelinga, som vart offentleggjort 8. april i år, vil ESA i statsstøttesaker kunne ilegge lovbrotsgebyr på opp til ein prosent av den årlege omsetninga i verksemda og opp til fem prosent av dagleg omsetning i tvangsmulkt.
Lovavdelinga i Justisdepartementet har uttalt seg om forholdet til § 26 og § 93 i Grunnlova når det gjeld prosedyrereglane for statsstøtte, og vil ikkje konkludere med at suverenitetsoverføringa er «lite inngripande. Lovavdelinga ser klare likheitstrekk med det overføring av mynde som skjedde ved inngåinga av EØS-avtalen, og som gjorde det naudsynt å nytte § 93 den gongen.