Bård Vegar Solhjell (SV): Utanriksministeren har signalisert at han ynskjer å redusere talet på land som får bistand. I 2012 kutta Høgre regionbevilginga til Latin-Amerika (Post 78, kapittel 153) i sitt alternative statsbudsjett. Denne bistanden gir viktig stønad til arbeid for demokrati, menneskerettar, miljø og likestilling, mellom anna i Mellom-Amerika.
Synst statsråden det er viktig med eit norsk engasjement i Mellom-Amerika?
Begrunnelse
Like før Høgre kom i regjering, varsla deira tidlegare utviklingspolitiske talsperson, Peter Gitmark, at regionbistanden til Latin-Amerika ville ryke dersom Høgre kom til makta. I sine alternative budsjett for 2013, før dei kom i regjering, valte Høgre å kutte budsjettposten som er øyremerka til viktig utviklingssamarbeid i Latin-Amerika, mens Frp ønska å halvere budsjettposten. Dette er ein budsjettpost som særleg er viktig for arbeidet for menneskerettar i regionen, og for større sosial rettferd i den regionen med dei største skilnadene mellom fattig og rik. Noverande utanriksminister, Børge Brende, har ikkje peika på nokre spesifikke regionar eller land som skal kuttast no, men han har sagt at færre land kjem til å få bistand enn i dag. Samtidig lover dei ikkje å halde på prinsippet SV har kjempa for, at ei krone av kvar hundrelapp Noreg tener skal gå til bistand. Det tyder på at dei vil ha ein mindre pott å dele ut frå.
I Mellom-Amerika ser ein at små pengesummer frå norsk bistand kan ha store positive politiske verknader. For alle som deler ambisjonane som regjeringa løfta i regjeringserklæringa i fjor haust, om å styrke menneskerettar, demokrati og likestilling, vil avvikling av denne stønaden vere ei dårleg nyheit.