Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:842 (2013-2014)
Innlevert: 22.05.2014
Sendt: 23.05.2014
Besvart: 02.06.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil samferdselsministeren legge opp til 20-minutts rutefrekvens på ferjesambandet E39 Anda-Lote i nytt ferjeanbod frå 2016?

Begrunnelse

I påvente av ferjefri E39 er hyppigare ferjefrekvens det mest effektive strakstiltaket for å få ned reisetid og -kostnader for trafikantane på E39. I Sogn og Fjordane er det to ferjesamband på E39, Lavik-Oppedal (Sognefjorden) og Anda-Lote (Nordfjorden). På Lavik-Oppedal er det pr. i dag 30-minuttsfrekvens, men det er lagt inn 20-minuttsfrekvens i nytt anbod som skal gjelde frå 2015.
På det andre E39-sambandet i Sogn og Fjordane, Anda-Lote, er det pr. i dag 30-minuttsfrekvens. Nytt anbod skal ut på marknaden i år, med verknad frå 2016/2017.
I Statens Vegvesen Region Vest sitt høyringsutkast til nytt ruteopplegg var det ikkje lagt opp til 20-minuttsavgangar på dagtid. I høyringsrunden (januar/februar 2014) gjekk samtlege høyringsinstansar sterkt inn for 20-minuttsavgangar på dagtid, herunder Sogn og Fjordane fylkeskommune, regionrådet i Nordfjord, næringslivsorganisasjonar og Helse Førde. I tillegg til dei reisetidsmessige fordelane, påpeiker Helse Førde kor viktig 20-minuttsavgangar er for trafikktryggleik og beredskap i Sogn og Fjordane.
Høyringsinstansane understrekar også at eit nytt anbod med 20-minuttsavgangar må gjelde frå 2016, og ikkje skyvast lenger ut i tid.
Anda-Lote er eit sterkt trafikkert samband, som er mellom dei 15 mest trafikkerte i landet.
Overfartstida er kort (ca. 8 minutt). Når Lavik-Oppedal neste år får 20-minuttsfrekvens, er Anda-Lote det einaste av dei tre store ferjesambanda på stamvegnettet i Sogn og Fjordane som ikkje har 20-minuttsfrekvens (Manhillar Fodnes på Rv5 har det allereie).

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Ferjesambandet Anda-Lote skal lysast ut i nytt ferjeanbod med oppstart 1.1.2017. Statens vegvesen arbeider no med å førebu dette anbodet, og høyringsrunde for ruteopplegg er gjennomførd. I arbeidet med anbodet og konkurransegrunnlaget skal etaten på vanleg måte foreta ein trafikkanalyse og utarbeide kostnadsoverslag for moglege alternativ for frekvens, kapasitet m.m. Grunnlaget med tilråding blir oversendt Samferdselsdepartementet for avgjersle av endeleg utforming av anbodet.