Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:860 (2013-2014)
Innlevert: 27.05.2014
Sendt: 27.05.2014
Besvart: 03.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Når vil justisministeren setje i gang ei slik evaluering som han har sagt at han vil setje i gang, fyrst i januar, så i april, kven får oppdraget og kva deler av arbeidet med handsaminga av brannane vil han få evaluert?

Begrunnelse

I januar lova justis- og beredskapsministeren å evaluere alle sider ved handsaminga av brannen i Lærdal. I april vart det kjent at han sat i gang ei gransking. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fekk oppdraget, og granskinga var no snevra inn til å berre omhandle innsatsen til Sivilforsvaret og brann- og redningsvesenet, ikkje alle andre etatar som var med på sløkkinga eller handsaminga av konsekvensane av brannen, som politi eller helsevesen. I eit intervju på nrk.no (07.04) står det igjen at justisministeren "...seier likevel at han vurderer ei breiare gransking av brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya. Kor tid og korleis ei slik evaluering skal skje, vil han ikkje vera konkret på."

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringa har bestemt at det det skal gjennomførast ei brei evaluering av brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya. Evalueringa skal omhandle førebyggjande arbeid, førebuingar, leiing og handtering av innsatsen, samt koordinering og samvirke mellom etatane. Vi meiner det er naturleg å sjå disse tre brannane i samanheng, mellom anna for lettare å kunne identifisere felles læringspunkt. Eg ynskjer eit breitt mandat og har derfor sendt ut eit forslag til utkast på høyring til dei andre departementa med frist for tilbakemelding 4. juni 2014. For å sikre ein nøytral gjennomgang har regjeringa bestemt at oppdraget skal setjast ut til ein privat ekstern aktør.