Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:894 (2013-2014)
Innlevert: 04.06.2014
Sendt: 05.06.2014
Besvart: 12.06.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Regjeringa skal no innføre ein allereie eksisterande aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar. Dåverande opposisjonsleiar Erna Solberg uttala seg om dette temaet til Bergens Tidende 7. april 2012. Her er den noverande statsministeren sitert på at ho meiner dei sosialhjelpsmottakarane som seier nei til ein jobb, må finne seg i å leve på ein naudhjelpssats på 70 kroner dagen.
Er dette også arbeidsministeren og regjeringa si haldning i dag?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Stønad til livsopphald (sosialhjelp) er ei subsidiær yting. Eit av grunnkrava for i det heile å ha rett til økonomisk stønad er at søkaren ikkje er i stand til å sørge for seg sjølv gjennom arbeidsinntekt eller ved å utnytte økonomiske rettar. Viss ein arbeidsfør person ikkje aktivt søker arbeid, eller takker nei til eit konkret tilbod om jobb, har han eller ho i utgangspunktet ikkje forsøkt alle andre moglegheiter til å sikre sitt eige livsopphald. Ein person i denne situasjonen vil altså ikkje oppfylle grunnkravet for stønad, og vil ikkje ha krav på anna enn kortvarig akutt hjelp. Nivået på denne hjelpa er opp til den einskilde kommune å bestemme.
Vilkåret om aktivitet knytt seg til personar som i utgangspunktet fyller grunnkrava for økonomisk stønad, som ikkje klarer å skaffe seg god nok inntekt på eiga hand, og som derfor har rett på stønad. Vilkåret skal bidra til å auke sjansane for å komme i alminneleg arbeid, og må derfor være tilpassa stønadsmottakaren. Dersom ein person i ein slik situasjon ikkje oppfyller vilkåra, kan Nav-kontoret sanksjonere gjennom å redusere stønaden, eller utsette utbetalinga av stønaden til vilkåret er oppfylt. Noen kommunar har standardiserte rutinar om redusert stønad eller bortfall av stønad for ein eller fleire dagar dersom en person ikkje oppfyller vilkår utan å kunne vise til ein gyldig grunn.
I det høyringsbrevet som no er sendt ut, foreslår ein ikkje å regulere sanksjonsmåten i detalj. Sanksjonane må være tilpassa situasjonen. Den mest nærliggjande sanksjonen, som er reduksjon i eller stans av stønaden, kan komme i strid med kravet til forsvarleg stønadsnivå. Det er derfor viktig å vurdere konsekvensane av ein stønadsreduksjon før den blir satt i verk, også for familien til stønadsmottakaren. Det skal altså ikkje være noen automatikk i at stønaden blir redusert heilt ned til ein kommunal naudhjelpssats.
I det nemnte høyringsbrevet foreslår departementet at det tas inn et nytt ledd i § 20 i sosialtenestelova, som regulerer sanksjonsretten. Loven vil opne for reduksjon av stønaden ved brot på vilkåra. Det vil være eit krav om at det fattes vedtak om redusert stønad, og det settes som føresetnad at det i vedtaket om stønad og vilkår er informert om moglegheita for slik reduksjon. Det må vidare sikrast at stønadsnivået ikkje blir uforsvarleg lavt og at ikkje ektefellen og barna til stønadsmottakaren blir skadelidne. Nav-kontoret må derfor vurdere størrelsen på reduksjonen og kva element av stønaden som skal trekkast. For eksempel vil det kunne være rimeleg å redusere stønad som dekker utgifter til månadskort på kollektivtransport, dersom bruken av slik transport er meint å skulle gjøre det lett for stønadsmottakaren å delta i den pålagte aktiviteten. Stønad som dekker utgifter knytt til barns behov bør i størst mulig grad skjermast mot reduksjon.
Som nemnt er stønad til livsopphald ei subsidiær yting. Dette får òg konsekvensar for Nav-kontoret sin vurdering når ein person nektar å oppfylle dei vilkåra som Nav-kontoret meiner vedkommande er i stand til å oppfylle og som ville gjort søkaren heilt eller delvis i stand til å sørge for seg sjølv. Nav-kontoret må i slike tilfeller vurdere om det dreier seg om eit brot på vilkår som skal sanksjonerast, eller om søkaren ikkje lenger fyller lovens krav til stønad fordi vedkommande ikkje har forsøkt alle andre moglegheiter til sjølvforsørging.