Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:898 (2013-2014)
Innlevert: 04.06.2014
Sendt: 05.06.2014
Besvart: 13.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Sykehuset Innlandet HF er uroa for rettstryggleiken til psykisk utviklingshemma i straffesaker der det er mistanke om vald og seksuelle overgrep. Dei har døme på at det har teke fleire år frå dommeravhør til saka kjem opp for retten. Eg nemner her eitt av fleire konkrete døme: Jente, no 21 år. Dommeravhør vår 2010. Rettssak satt til 25. februar i år. Saka har til no teke 4 år.
Kva vil statsråden gjere for å få ned ventetida og styrke rettstryggleika til psykisk utviklingshemma?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Førebygging av vald og overgrep, særleg mot barn og psykisk utviklingshemma, er eit område som regjeringa prioriterer høgt. Vald og seksuelle overgrep er grov kriminalitet som kan ha alvorlege og langvarige konsekvensar, ikkje minst for psykisk utviklingshemma som er blant dei mest sårbare personane i vårt samfunn. Det er derfor viktig at både politiet, rettsapparatet og helsevesenet møter og hjelper dei som er utsette for slike lovbrot, på ein god måte så raskt som mogleg. Det gjeld også deira omsorgspersonar. Det er særskilt viktig at psykisk utviklingshemma som kan trenge mest å bli tatt godt imot av offentlege organ, får ei god oppfølging.

Det er gjeve klåre retningsliner for politiets handsaming av overgrepssaker som vert melde, slik at ein kan få høveleg framdrift i etterforskinga. Eit element i dette er bruk av dommaravhøyr av den som kan ha vert utsatt for overgrep. Slike avhøyr vert ofte gjennomført i eit barnehus. Det er ein målsetning at politiet skal korte ned tida det tar å få gjennomført dommaravhøyra. Fleire tiltak, bland anna auka kapasitet og kompetanseheving, er sette i verk for å oppnå ei akseptabel handsamingstid.

Det er vidare satt som eit generelt mål for politiets handsaming av straffesaker at den alminnelige tida det tar å fullføre etterforskinga og eventuelt konkludere med å senda ein sak til domstolen ikkje skal gå ut over 120 dagar.

Politidirektøren så vel som riksadvokaten rapporterer regelmessig til meg på om dei oppnår måla som er sette, og vi har ei dialog om dette.

At det tek fleire år å få ei sak opp til doms er særs beklageleg, og skal sjølvsagt ikkje finne stad.