Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:935 (2013-2014)
Innlevert: 12.06.2014
Sendt: 13.06.2014
Besvart: 23.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kan statsråden gjere greie for kva juridiske avklaringar og harmonisering av rettsgrunnlag og lovverk som ikkje er på plass i samband med etableringa av nytt felles kontraterrorsenter?

Begrunnelse

I intervju med Dagsavisen 06.06 om nytt felles kontraterrorsenter, står PST-sjefen og sjefen for E-tenesta med dette indirekte sitatet:

«Ennå er ikke alle detaljer i organiseringen på plass. Blant annet må det gjøres nødvendige juridiske avklaringer og harmoniseringer av rettsgrunnlag og lovverk for å sikre trygghet på begge sider».

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Både PST og Etterretningstenesta (E-tenesta) har ansvar for å hindre at Noreg og norske interesser vert råka av terror. Desse tenestene har samarbeida godt i mange år. Opprettinga av det felles kontraterrorsenteret er med å styrke dette samarbeidet.
Samarbeidet mellom E-tenesta og PST skjer med heimel i tenestene sine eige rettsgrunnlag. Det er gjeve ein eigen instruks om korleis samarbeidet mellom tenestene skal vere. Politiregisterlova og -forskrifta regulerer politiet, herunder PST, sin behandling av opplysingar. Lova og forskrifta trer i kraft 1. juli 2014, og klargjer rettsgrunnlaget for utlevering av opplysingar mellom PST og E-tenesta. Lova og forskrifta gjev PST ein høvesvis vid heimel til å kunne utlevere naudsynt informasjon til E-tenesta, også når utlevering skjer i E-tenesta si interesse. Informasjonsutvekslinga mellom tenestene fungerer godt i praksis.
Bruken av skjulte tvangsmiddel inneber eit særskilt stort personvernmessig inngrep. Politilova set difor særskilte grenser for PST sin adgang til å kunne utlevere informasjon, som av førebyggande hensikt er henta inn med slike metoder. Det kan vere grunn til å sjå nærare på om dei grensene som er sett i PST sin adgang til å utlevere slikt materiale, i for stor grad innskrenkar adgangen til å utlevere informasjon innhenta ved skjulte tvangsmiddel til E-tenesta. Mitt departementet vil difor i samråd med Forsvarsdepartementet vurdere om det er behov for å endre politilova.